Av Steinar Lorås Sæter

For ofte har venstresida dårlege diskusjonar om arbeidarklassen. Ofte er dei øvingar i å teikne opp kart over posisjonar som ulike yrkesgrupper blir plasserte inn i. Da handlar det gjerne om å definere kor mange prosent av befolkninga som er arbeidarklassen, eller om å drøfte kor mykje ein må tene for å vera innom eller utom arbeidarklassen1. Kan arbeidarklassen ha bachelorgrad? Slike spørsmål er skrekk og gru. Aller verst er likevel ordskiftet når det krinsar om at arbeidarklassen er diskriminert, og at han må få eit kulturelt løft, for det er jo berre 16 fagarbeidarar på Stortinget! Hovudkonklusjonen frå slike ordskifte bør berre vera at den sosiologiske klasseforskinga har eit klamt famntak på den norske venstresida, og at dei politiske konsekvensane av denne forskinga er temmeleg tannlause.

I seriøs sosialistisk teori er klasse eit sosialt forhold som spring ut av måten produksjonen er organisert: Kapitalen er eit forhold mellom folk, lønsarbeidarar og borgarskap, ikkje ein ting. Dette forholdet er antagonistisk. Motsetningane mellom klassar har å gjera med utbytting, som spring ut av produksjonsmåten. Med dette som utgangspunkt finst det likevel ulike tenkemåtar om arbeidarklassen i den marxistiske tradisjonen. I kva grad er arbeidarklassen ein objektiv storleik som er avleidd frå strukturar i kapitalismen? Og kva er forholdet mellom arbeidarklassemedvitet og arbeidarklassen? Ikkje minst: Kva for politiske konsekvensar følger det av diskusjonar om slike spørsmål? Artikkelen går inn på sider ved slike spørsmål ved å drøfte nokre teoretiske bidrag frå Jørgen Sandemose og E.P. Thompson. I denne teksten er det lite om det relasjonelle ved klassane. Artikkelen er ikkje eit kart over mangfaldet i marxistiske teoriar om arbeidarklassen. Blant anna går eg ikkje inn på framandgjering, forholdet mellom produktivt og reproduktivt arbeid, eller forholdet mellom klasse og kjønn. Konklusjonen er at perspektiva som Sandemose representerer, at arbeidarklassen er ein objektiv storleik som spring ut av produksjonsmåten, berre kan vera starten på klasseanalysen. Like mykje må han handle om å forklare korfor klassekampar oppstår (eller ikkje oppstår).

Arbeidarklassen – dei som produserer verdi og meirverdi
Jørgen Sandemose (1945-2019) har eit kapitallogisk omgrep om arbeidarklassen som følger av kva verdi er i eit kapitalistisk samfunn. Kapitalismen er eit varesamfunn, og verdiskaping går føre seg i materiell produksjon av varer, t.d. kjøkkenbord. Føresetnaden for dette er masseproletarisering, eit absolutt vilkår for kapitalismen, som inneber at skarar av menneske blir gjort til eigedomslause lønsarbeidarar utan rådvelde over produksjonsmidla.2 Hos Sandemose er arbeidarklassen dei som gjennom «fysisk virksomhet» produserer bruksverdiar, eller overfører eller realiserer bytteverdien til varer når dei er produserte.3 Sysselsette i varetransporten er såleis arbeidarklassen, for dei realiserer verdien til varene ute på marknaden, noko også Marx argumenterer for i bind II av Kapitalen. Mange lønsarbeidarar har i dag likevel ikkje ein direkte verdiproduserande funksjon. Tenesteytarar i privat sektor, til dømes frisøren som ikkje eig produksjonsmiddel, produserer ikkje verdi, men meirverdi like fullt. Også desse utfører produktivt arbeid, arbeid som skaper meirverdi for ein kapitaleigar. Følgeleg blir også dei utbytta – dei utfører tvunge gratisarbeid for kapitaleigarar. Arbeidarklassen er såleis meirverdiprodusentar, med verdiprodusentane, industriarbeidarane, som kjernen sin, ifølge Sandemose.  

Tilsynelatande er denne analysen gammalt nytt. Kva er følgene andre enn at arbeidarklassen må erkjenne klasseinteressene sine og kjempe for dei på kort og lang sikt? Men Sandemoses poeng har framleis stor politisk betydning ut over dette. Om arbeidskraft som produserer verdi- og meirverdi skulle flyte saman med lønsarbeid elles i samfunnet, t.d. slik det blir utført av lærarar eller sjukepleiarar i offentleg sektor, ville vi mista fleire særtrekk ved det verdiproduserande arbeidet i kapitalismen, t.d. at det er timeløna og overvåka av borgarskapet langt meir nidkjært enn lønsarbeid for øvrig. Om skiljet skulle flyte ut, får dette også store konsekvensar for streikekampen: Korleis skal fagrørsla kunne ramme kapitalen på ein slagkraftig måte dersom verdiomgrepet forsvinn? Da kan ho ikkje lenger identifisere hjartepumpa i profittmaskinen.

I samtida finst det ein venstresidetendens, som særleg vart forsterka av Covid-pandemien, til å formulere arbeidarklassen som dei som utøver samfunnsnyttig arbeid.  Dette synet, som gjerne glorifiserer funksjonane til offentleg sektor, gir berre meining om det ikkje finst produksjonsforhold: Da blir verdiskaping og samfunnsnyttig arbeid det same. Ronny Kjelsberg (Rødt og NTL) viser fram dette synet på ein ypparleg måte i lesarinnlegget Offentlig sektor skaper verdier.4 Innlegget, som har såpass mange problem at det fell utom rammene for denne teksten å ta opp alle, er sikkert godt meint, men det er både teorilaust og utan anna politisk retning enn å gi eit generelt forsvar for «velferdsstaten» mot den farlege «retorikken» som no også Ap plutseleg har tatt til seg, ifølge artikkelforfattaren, nemleg Høgres slagord om at: «Vi må skape før vi kan dele». For Kjelsberg er problemet at dei tilsette på NTNU ikkje får anerkjenning for at dei utdannar ingeniørar som deltek i verdiproduksjonen!  Lese på ein velvillig måte prøver kanskje Kjelsberg å få fram at kapitalen nødvendigvis treng eit statsapparat, og at dugeleg masseutdanning, som er ein av hovudfunksjonane til den norske staten, er viktig både for å trene opp og disiplinere eigedomslause som snart skal ut på marknaden som arbeidskraft. 

Uproduktive lønsarbeidarar er også eigedomslause. Såleis er dei nære allierte av alle lønsarbeidarar som produserer meirverdi. Skal dei fungere som nære allierte, er det viktig at arbeidarrørsla forklarer forholdet slike arbeidarar står i når det gjeld verdiskapinga. Dette legg også grunnlaget for korleis politisk agitasjon kan vende seg til arbeidarar som ikkje skapar meirverdi, utan å føre dei attom lyset på eit opportunistisk grunnlag. Men Kjelsbergs opplegg sett ikkje fram ein grunnleggande sosialistisk samfunnskritikk. Å gjera nettopp dette, er ein føresetnad for eit seriøst politisk program. Såleis vatnar Kjelsberg ut det sosialistiske omgrepet om verdiskaping, medvite eller ikkje. Slik understrekar han indirekte eit viktig poeng hos Sandemose: Skiljet mellom produktivt og ikkje-produktivt arbeid er viktig for å halde ved like arbeidarklassen sine organisasjonar som sjølvstendige kampeiningar.5

Det er likevel grunn til å tenke over kva som faktisk er kapitalistisk verdiskaping og dermed utbytting, sjølv om Kjelsberg ikkje gjer eit seriøst forsøk på dette. Michael Heinrich har argumentert for at sosialistar kan ha misforstått verdiskapinga som noko som går føre seg berre i produksjonen.6 Blir verdi skapt i produksjonen eller sirkulasjonen?  Spørsmålet er feil stilt, ifølge Heinrich. Også verdi er eit sosialt forhold. Verdimengden i vara blir, ifølge Heinrich, ikkje føreåtbestemt i produksjonen, men han kjem heller ikkje tilfeldig fram på marknaden. Marknaden produserer ikkje verdi, men han formidlar forholdet mellom produsentane sitt private arbeid og samfunnets totale arbeid. Og da blir det kanskje ikkje avgjerande korleis sjølve «tingen», vara, blir til – iallfall ikkje politisk sett. Som Peter Hudis har poengtert, er det viktig nok å finne fram til verdiens kjelde. Men det er enda viktigare å forstå korleis sosiale forhold tar verdiform.7 Moglegvis finst det argument mot eit for kapitallogisk syn på arbeidarklassen også i Kapitalen. I bind I finst skildringa av totalarbeidaren. Han er ein konsekvens av arbeidsdelinga som kapitalen innstiftar i manufakturen. Dette gjer at dei mange spesialiserte arbeidarane dannar ein «organisme» og «levende mekanisme», ifølge Marx: 

«Manufakturens særegne maskineri er og blir totalarbeideren sjøl, som er blitt til ved kombinasjonen av mange delarbeidere. De forskjellige operasjonene som produsenten av en vare skiftevis utfører og som blir vevd sammen i arbeidsprosessen som helhet, tar denne totalarbeideren i bruk på forskjellig måte. I den ene operasjonen må han bruke mer kraft, i en annen kreves mer ferdighet, i en tredje større oppmerksomhet osv., og det samme individet har ikke disse egenskapene i like høy grad […]. Mens deres naturlige evner danner det grunnlaget som arbeidsdelingen hviler på, så utvikler manufakturen, når den først er innført, arbeidskrefter som fra naturens side bare er brukbare til ensidige spesialfunksjoner. Totalarbeideren har alle de produktive egenskapene utviklet til samme grad av fullkommenhet og forbruker dem samtidig på den mest økonomiske måte […].»8

For det første betyr ikkje dette at alt lønsarbeid produserer verdi på ein eller annan indirekte og utvatna måte. Marx skriv i klårtekst om totalarbeidaren i manufakturen, i privat sektor, i vareproduksjonens spede start. Snarare handlar dømet om å ha eit kritisk blikk på kva som er produktivt arbeid og dermed verdiskaping. Må verdi vera materielle verdiar? Kan arbeidarklassen mobiliserast som utbytta produsentar av immaterielle verdiar? Dømet viser iallfall at Marx – om enn indirekte – hadde eit klårt omgrep om verdiskapinga som ein kollektiv prosess som krev store intellektuelle og mentale kapasitetar, sjølv om han ikkje bruka eit klårt omgrep om t.d. intellektuelt arbeid. Dette har hovudårsaka si i at Marx’ perspektiv er vendt mot kapitalen: For kapitaleigaren er alt arbeid som skaper meirverdi abstrakt arbeid. Matteo Pasquinelli hevdar at det truleg også var politiske grunnar til at Marx ikkje danna seg eit omgrep om intellektuelt arbeid: 

«[…] probably in order to avoid supporting a labour aristocracy of skilled artisans as a political subject separate from the working class. For Marx, labour is always collective: there is no labour that is more prestigious than others, and, therefore, mental labour is always general; the mind is by definition social».9

Om Pasquinelli har rett i dette, har det inga revolusjonerande betydning for korleis vi skal lesa Marx. Først og fremst er poenget ei påminning om at klasseomgrepet har hatt politiske sider frå første stund i den historiske materialismen, og at passasjen om totalarbeidaren kan lesast politisk, gjerne som ei vidareføring av klasseomgrepet frå Marx’ politiske pamflett frå 1848, Manifestet, der samfunnet er spalta i to klassar mot kvarandre: Borgarskap og proletariat. Det er viktig å halde fast på klasseomgrepet frå Manifestet, blant anna fordi det er polariserande og mobiliserande på ein heilt annan måte enn Einar Gerhardsens «det store, arbeidende folk», som ikkje peiker fornuftig på ein politisk fiende. Guenther Sandleben har i så måte bruka omgrepet «de lønnsavhengige» for å skildre arbeidarklassen.10 Dette omgrepet polariserer og mobiliserer også, samtidig som det på glitrande vis grip noko a kjernen i tilværet som eigedomslaus. Det viktigaste er at arbeidarklasseomgrepet må komma som ein konsekvens både av økonomisk og politisk analyse. Det kan ikkje skapast på ein venstrepopulistisk måte, utelukkande i det politiske feltet.

E.P. Thompson – arbeidarklassen er ei felles erfaring 
I motsetning til å forstå klasse som eit objektivt forhold som spring ut av produksjonsmåten, er det særleg den britiske historikaren E.P. Thompson (1924-1993) som har skapt eit teoretisk rammeverk for å forstå klasse som historiske erfaringar, sjølv om han ikkje utvikla ein samanhengande klasseteori. Hos Thompson er arbeidarklassen rett og slett ei felles erfaring som viser seg gjennom klassekamp, altså klasseformasjonar. Klasseformasjonar, t.d. streikar og meir eller mindre uformelle aksjonar, men også uttrykk som skillingsviser og ymse kvardagspraksisar, er grunnlaget for klassemedvitet, som atter definerer arbeidarklassen. I Thompsons hovudverk The Making of the English Working Class (1966) er blant dei første linjene: «The working class did not rise like the sun at an appointed time. It was present at its own making».11 Setninga er eit godt destillat av programmet til forfattaren: At arbeidarklassen er ei erfaring som viser seg gjennom klassekamp, er framfor alt ei forståing av klasse som ei endring, som ein strukturert prosess, som Thompson kallar det. 

Ei slik forståing av klasse har vorte grundig kritisert, også på marxistiske premiss. Thompson har blitt skulda for gjera klasse til eit spørsmål om subjektivitet, kjensler og identitet. Dei mest råkande kritikkane handlar om at han forvekslar klasse med klassemedvit, og at den logiske konsekvensen av klasseomgrepet hans blir at arbeidarklassen ikkje finst om han ikkje viser seg gjennom klasseformasjonar. Nokre av desse kritikkane har utvilsamt noko for seg. Når ein les The Making of the English Working Class, er det ein tendens til at forfattaren romantiserer skikk og bruk i arbeidarklassen, og at han somtid for lett sluttar til at slikt er uttrykk for ei særskilt politisk arbeidarklassetenking. 

Likevel oppstår ikkje klasseformasjonar i eit økonomisk tomrom. Når E.P. Thompson blir kritisert for å vera voluntaristisk, er dette vanskeleg å forstå, for i forordet til The Making of the English Working Class understrekar han at klasseformasjonar finst fordi det finst produksjonsforhold og utbytting. Som Ellen Meiksins Wood har poengtert, er hovudpoenget til Thompson først og fremst at det er eit avgjerande teoretisk skilje mellom at klassar blir konstituerte gjennom produksjonsmåtar på den eine sida, og at klasseformasjonar – reaksjonar på utbyttinga – oppstår på den andre sida.12 Det siste er ikkje ein naturleg konsekvens av det første. Den politiske merksemda må rettast dels mot utbyttingslogikken: Kva gjer produksjonsforholda med liva til eigedomslause lønsarbeidarar? 

Som Meiksins Wood har argumentert overtydande for, er strukturelle definisjonar av arbeidarklassen som eigedomslause, eller som meirverdiprodusentar, ikkje nok til å danne eit offensivt politisk omgrep om arbeidarklassen. Når vi talar om ein lønsarbeidarklasse, er det berre ein forsvinnande liten del av han som saman er reelt subsumert under kapitalen i produksjonsprosessen. Fabrikken er ikkje, og var aldri, ein klasseformasjon. Klasseformasjonar er nettopp klassekampar som oppstår og går på tvers av geografiske arbeidsplassar. Når ein nasjonal streik går føre seg, er mengder av lønsarbeidarar som har danna seg felles erfaringar med utbytting og produksjonsforholda komne saman, sjølv om dei ikkje er sameinte i produksjonsprosessen. Korfor oppstår slike generalstreikar av og til? Og korfor oppstår dei som oftast ikkje? Strukturelle syn på arbeidarklassen kan ikkje svare på slike brennande spørsmål, for klassane er jo der allereie per definisjon. Dermed forsvinn klasse rett og slett som den viktigaste drivkrafta i historia, for klasse er trass alt ikkje det same i byrjinga av ein produksjonsmåte som ved slutten av han, som Meiksins Wood peiker på. Historia om produksjonsmåtar er nettopp historia om at klasserelasjonar endrar seg, særleg produksjonsforholda. 

Den viktigaste politiske konsekvensen av dette er kanskje at lønsarbeidarane sine organisasjonar får stor betydning for kva arbeidarklassen skal vera. LO, som er den viktigaste institusjonaliserte klasseformasjonen i dag, har enorm makt til både å mobilisere og passivisere erfaringane til lønsarbeidarar, og til å bestemme mål og metode for klassekampen. At arbeidarklassen er eigedomslause og meirverdiprodusentar, kan berre vera starten på klasseanalysen, som verkeleg begynner ved å stille spørsmål som dette: Korfor har mange lønsarbeidarar ein tendens til å drive klassekamp? Korleis og korfor endrar denne tendensen seg ofte når det gjeld mål og metode for klassekampen? Korfor leverer LO dårlege resultat i tariffoppgjera trass i at organisasjonen har fleire medlemmar enn nokon gong før?

Det blir gjerne hevda at arbeidarklassen er svekt fordi industriarbeidarane, verdiprodusentane, har blitt færre sidan 1970-talet. Observasjonen er riktig, men den politiske konklusjonen er ikkje logisk. At det blir færre industriarbeidarar, har å gjera med auka i totalkapitalen si organiske samansetning. Men korfor skulle dette nødvendigvis føre til at Fellesforbundet er politisk svekt? I tråd med logikken til E.P. Thompson må konklusjonen i så fall vera at arbeidarklassen er svekt fordi Youngstorget i liten grad er interessert i å fortelje arbeidarklassen kven han er og kor han skal. Det er eit problem på venstresida at arbeidarklassen ofte blir sett på som ei kvantitativ eining, ei mengde menneske. Dess fleire menneske i arbeidarklassen, dess mektigare er han. Ein slik tenkemåte er parlamentarisk og sosialdemokratisk: Politisk og fagleg makt er lik summen av antalet organiserte (og passiviserte!) medlemmar.  

I Danmark har dette ført fagrørsla ut i problem som både er politiske og organisatoriske. I 2019 slo danske LO seg saman med FTF, Funktionærernes og Tjenestemændenes Fællesråd, og skipa Fagbevægelsens Hovedorganisation (FH), som organiserte 1,4 millionar lønsarbeidarar ved tilskipinga. FH har sidan komme i knipe. I 2023 hadde dei mista 250.000 medlemmar. Årsakene til problemet er samansette, men det er ingen tvil om at gule fagforeiningar har hatt solid framgang samtidig i Danmark. Leiande krefter i norsk LO har også tatt til orde for ei liknande samanslåing her til lands. Dei tidlegare LO-leiarane Gerd-Liv Valla og Gerd Kristiansen har begge argumentert for samanslåing av LO, YS og Unio som ei løysing på at stadig færre lønsarbeidarar organiserer seg i det heile.13 Eit slik framstøt har også sine føresetnadar i at omgrepa om verdi- og meirverdi har gått i gløymsla. Når alt lønsarbeid blir likeverdig økonomisk og politisk i eit sosialistisk perspektiv, er det logisk å slå saman LO, YS og Unio til ein hovudorganisasjon. Det er ingenting i vegen for at faglege samanslutningar slår seg saman, men da må det skje på eit fagleg-politisk grunnlag som inneber ei kamplinje, klassesolidaritet og sosialistiske løysingar. Når perspektivet til arbeidarrørsla sine leiarar blir vendt frå utbyttinga og konsekvensane hennar, er det dristige framstøt som det danske dømet lønsarbeidarar også her til lands har i vente. 

For dei gule fagforeiningane er verkeleg på frammarsj, både i Danmark og i Norge. Historikaren Finn Olstad har observert ein viktig og aukande tendens sidan 1980-talet: Profesjonsutøvande lønsarbeidarar, som regel tilsette i offentleg sektor, har danna klasseformasjonar ikkje ulike dei som industriarbeidarar danna i første halvdel av 1900-talet.14 Den store forskjellen er sjølvsagt at lønsarbeidarane organisert i dei gule forbunda ikkje driv kamp på solidarisk grunnlag og med blikk for arbeidarklassens generelle situasjon. Eit døme på dette kom klårt fram sommaren 2024, da leiaren for Akademikerne ville ha større lønsforskjellar i offentleg sektor.15  I praksis betyr det å gi lønspåslag til lærarar ved å innføre lønsnedslag for reinhaldarar. At det finst perspektivlause fagforeiningar som Akademikerne, er ifølge Jørgen Sandemose ein enkel funksjon av klasseforholda i samfunnet: Dei har oppstått som individualistiske reaksjonar på seriøse fagforeiningar danna av meirverdiprodusentar.16 Poenget er greitt nok, men det er reduksjonistisk. Forstår vi arbeidarklassen berre med utgangspunkt i kapitallogikken til Sandemose, risikerer vi å miste mykje av syne. For kva er Akademikernes kampvilje anna enn ei stadfesting av klasseomgrepet til E.P. Thompson – berre med reaksjonære politiske konsekvensar?

Avslutning
I ein artikkel om forholdet mellom økonomi og politikk i kapitalismen har Ellen Meiksins Wood ei presis skildring av kva som var formålet med den historiske materialismen Karl Marx skipa, nemleg å ‘’[…] utvikle en analyseform som var spesielt godt egnet til å utforske det terrenget som politisk handling må finne sted i’’.17 I tradisjonen etter Marx er det arbeidarklassen som utfører denne politiske handlinga. I dag, når venstrepopulistiske vindar bles med lett bris over landet, er det verdt å understreke at det nettopp er arbeidarklassen, og ikkje «folket», som først og fremst har klasseinteresser av sosialisme og gjennomgripande endring av måten økonomien er organisert. Også klasseanalysen må ha eit politisk formål – han må opplyse, politisere og mobilisere lønsarbeidarar på eit sosialistisk grunnlag. 

I eit fritt og borgarleg samfunn som det norske er klassar flytande og kompliserte kategoriar: Grunneigaren som også er lønsarbeidar, er ein velkjent figur i norsk historie. Med Jørgen Sandemose er sjølvsagt klasse eit sosialt forhold mellom eigedomslause lønsarbeidarar som skaper meirverdi og kapitaleigarar som på ymse vis karrar til seg denne meirverdien gjennom utbytting. Slik sett er klassar objektive og strukturelle forhold, og folk blir plasserte i kvardagslege klassesituasjonar som inneber konflikt og motstridande interesser. Klasse er ei valdsam kraft som strukturerer liva våre. Av og til blir derfor slike klassesituasjonar til klasseformasjonar. Klasseanalysen må handle minst like mykje om å forklare korfor klasseformasjonar oppstår, eller ikkje oppstår, som han må handle om å drøfte klasse som relasjonar til produksjonsmidla. 

Dersom klasse skal bli til den politiske krafta sosialistar ønsker, både på nasjonalt og internasjonalt nivå, er dette heilt nødvendig. Men ein slik analyse kan ikkje vera venstrepopulistisk på den måten at han definerer arbeidarklassen utelukkande innan det politiske feltet. Klasseomgrepet til E.P. Thompson, der arbeidarklassen er ei felles erfaring med grunnlag nettopp i produksjonsmåten, er avgjerande for å skape eit godt og politisk omgrep om arbeidarklassen. Den fremste styrken til dette omgrepet, er at det ikkje er deterministisk. Omgrepet inneber å vende blikket mot produksjonsforhold og produksjonsmåtar først, for så å sjå udogmatisk på korleis klasse speler ut den politiske logikken sin på dette grunnlaget. Utbyttingslogikken kan ta mange politiske former, og det finst reelle motsetningar mellom grupper av lønsarbeidarar. Thompsons tenkemåte er eit godt utgangspunkt for å skilje den reaksjonære kampen mot kapitalen frå den progressive kampen mot kapitalen. Ikkje minst er det eigna til å sette fram ein kritikk av leiarskapen i arbeidarrørsla.

Det er over 10 år sidan sist det var generalstreik i Norge. 28. januar 2015 deltok ca.1,5 millionar lønsarbeidarar på over 200 streikemarkeringar i ei glitrande oppvising for å stoppe Frps framlegg om å endre arbeidsmiljølova, særleg punktet som handla om å opne for fleire midlertidige tilsette. Initiativet til generalstreiken kom ikkje frå LO, men frå YS, nærare bestemt Parats Vegard Einan. LO-leiinga, som berre forventa markeringar i dei største byane i landet, var også overraska over det store oppmøtet. I 2025 har LO gjort ein god jobb ved å garantere sjukelønsordninga, om nødvendig med generalstreik. Felles for desse døma er at dei handlar om å forsvare restane av det sosialdemokratiske klassekompromisset. Det er viktig nok. Men det er nødvendig at arbeidarklassen kjem på offensiven. Eit aktuelt og viktig spørsmål i klasseanalysen kan dermed vera: Kva er vilkåra for at fagrørsla skal gå til generalstreik for å forkorte arbeidstida med full lønskompensasjon for alle lønsarbeidarar? 

SLUTTNOTER

  1. Sjå Peder Martin Lysestøls tekst ‘’Tok Marx feil?’’, Gnist 2/2020, for eit kort innlegg av denne typen. Teksten er ein viktig læretekst i korleis sosialistar ikkje bør drive klasseanalyse. ↩︎
  2. Sandemoses Kritikk av globaliseringsteorien. Aschehoug 2010, s. 74-84. ↩︎
  3. Sandemoses Historisk materialisme og økonomisk teori. Forlaget Rødt! 2015, s. 61-62. ↩︎
  4. Adresseavisen 2023: https://www.adressa.no/debatt/i/8JxEJG/offentlig-sektor-skaper-verdier (lese 2.10.25). ↩︎
  5. Sjå Sandemoses Stat, religion og økonomi: Karl Marx og kapitalismens former. Aschehoug 2002, særleg s. 480-508 for ei god drøfting av verdiskapinga sine politiske konsekvensar. ↩︎
  6. Michael Heinrich. An Introduction to the Three Volumes of Karl Marx’s Capital. Monthly Review 2004, s. 54-55. ↩︎
  7. Peter Hudis. Marx’s Concept of the Alternative to Capitalism. Haymarket 2013. ↩︎
  8. Karl Marx. Kapitalen. Bokklubben 2008, s. 429. ↩︎
  9.  ‘’On the origins of Marx’s general intellect’’, s. 53-54, trykt i Radical Philosophy series 2 2019.  Sjå også s. 45. ↩︎
  10. Sandlebens Samfunnet etter pengene. Marxistisk senter, s. 91. ↩︎
  11. Vintage, s. 9. ↩︎
  12. Framstillinga av E.P. Thompons klasseomgrep lener seg tungt på Ellen Meiksins Wood sin artikkel ‘’Class as process and relationship’’, trykt i Democracy Against Capitalism. Renewing Historical Materialism, s. 76-107. Verso 2016. ↩︎
  13. FriFagbevegelse 2018: https://frifagbevegelse.no/forside/bor-lo-ys-og-unio-vurdere-a-sla-seg-sammen-her-er-argumentene-for-og-mot-6.158.541960.aa9bdb7796. (lese 12.9.25) ↩︎
  14. Finn Olstad. Arbeiderklassens vekst og fall. Hovedlinjer i 100 års norsk historie. Universitetsforlaget 1991, særleg s. 170-177. ↩︎
  15. Klassekampen 2024: https://klassekampen.no/artikkel/2024-08-13/full-strid-om-lonn-i-offentlig-sektor. (lese 26.9.25) ↩︎
  16. Sjå Stat, religion og økonomi s. 410-431 for Sandemoses fagforeiningsdrøfting. ↩︎
  17. Skillet mellom det ‘’økonomiske’’ og det ‘’politiske’’ i kapitalismen. Agora vol. 20, utg. 3-4. ↩︎

Legg igjen en kommentar

Trending