Tilrettelagt av Ola Tellesbø, basert på forskingsarbeidet til Jón Karl Stefánsson og Floyd Webster Rudmin. Omsett til nynorsk av Gunnar Ottne.
Jón Karl Stefánsson og Floyd Webster Rudmin har analysert korleis NRK dekte den libyske krigen frå 16. februar 2011 til 16. februar 2012. NRK vart vald på grunn av at denne presentasjonen var lett tilgjengeleg og hadde stor utbreiing. NRK er tross alt det største medieforetaket i Noreg. Dagsrevyen blir sett av meir enn 700 000 menneske dagleg.
Analysen la hovudvekta på kva nemningar dei viktigaste aktørane hadde nytta i reportasjane om Libyakrigen. Kvar NRK-artikkel om Libyakrigen vart analysert for å finne ut kva ordval og nemningar som vart nytta i framstillingane frå aktørane. Granskinga omfatta 689 artiklar med til saman 361879 ord. Analysen nytta dataprogram for å minimere menneskelege feil. Dette gav ei liste over alle omgrep som var nytta for kvar nøkkel-aktør i dekningane. Ein nøkkel-aktør vart definert som ein aktør som i gjennomsnitt er nemnd minst éin gong i annankvar artikkel. Analysen fann 84 unike nemningar for 15 slike aktørar. Dei ulike nemningane var så føremål for ei tydingsvurdering (ein semantisk differensialtest). 316 nordmenn vurderte korleis kvart omgrep samsvarte med kva positiv eller negativ kjensle ordet gav dei. Vurderinga varierte frå -3,00 (svært negativ) til 0 (nøytralt) til + 3,00 (veldig positivt). Gjennomsnittleg effekt for kvar nemning vart rekna ut. Mest negativ valør hadde krigen med et gjennomsnitt på -1,4. Mest positivt var sivile (1,5). Nøytrale valørar dominerte for opprørarane (-0,1), NATO (-0,1), det norske militæret (0,13) og overgangsrådet (0,18). Samla gjennomsnitt for alle dei femten aktørane var -0,1 med eit standardavvik på 0,94.
Aktøren med flest negative ordval, og med det høgaste talet på nemningar generelt, var Muammar Qaddafi (Gaddafi). Dei ti forskjellige omgrepa som vart nytta i 5231 tilfelle der han vart nemnd, hadde ein gjennomsnittleg negativ affektiv evaluering på -0,59. Omgrepa med størst affektiv tyding for Qaddafi var frå -2,60 (tyrann) til 0,58 (leiar).
Noreg, NATO og deltakinga frå koalisjonen i den libyske konflikten romma dei same grunnleggjande handlingane. Deltakinga frå Noreg vart karakterisert som positiv (0,87) i kontrast til dei orda som vart nytta til å karakterisere dei same handlingane utført av «koalisjonen» (-1,08). Sterkast kontrast har Noregs krigføring opp mot «krigen» (-1,40).
Orda som vart nytta på regjeringa i Libya hadde gjennomsnittleg affekt på -0,41, medan opprørsregjeringa hadde 0,15. Den amerikanske regjeringa hadde 0,10, den norske regjeringa 0,13.
Regime eller regjering?
Ordet «regime» vart nytta éin gong som omgrep på opprørsregjeringa, etter at Qaddafi var sodomisert og drepen. Omgrepet «regime» synest nytta av pressa berre for regjeringar som av ein eller annan grunn er mislikt. «Det norske regimet» eller «Stoltenberg-regimet» høyrest annleis ut enn «den norske regjeringa» eller «Stoltenberg-regjeringa». Forskjellen mellom «regime» og «regjering» er ikkje nøytralt, men affektiv. Ordet «regimet» hadde ein score på -1,17 i form av kjenslemessig evaluering. Ordet «regjering» hadde ein positiv score på 0,59.
I 69 tilfelle vart ordet «regjeringa» nytta som nemning for opprørarar, pøblar eller NTC.
The bad guy
Med unntak av ordet «Libya» var «Gaddafi» det ordet som var nemnt oftast. Namnet hans, eller eitt av dei omgrepa som vart nytta for å identifisere han (inkludert «diktatoren» og «den libyske leiaren»), dukka opp 6466 gonger, som er 9,38 gonger i gjennomsnitt i kvar artikkel. Både den libyske regjeringa og militæret var direkte knytt til Qaddafi gjennom omgrep som Gaddafi-regimet og styrkane til Gaddafi.
Soldatar og sivile som støtta regjering, vart karakteriserte som «Gaddafi-lojalister». Personifiseringa av ein nasjon ser ut til å vere ein av de viktigaste metodane for å rettferdiggjere eit åtak på nasjonen. Øydelegginga av Libya var berre for å fjerne ein kriminell person. Liknande grunngjeving vart nytta i 1989-1990 under invasjonen av Panama for å fjerne Manuel Noriega og i 2003 under invasjonen av Irak for å fjerne Saddam Hussein. Åtaka vart ikkje presenterte som krigar eller som invasjonar, men som operasjonar for å finne og straffe ein vond mann.
Liknande personifisering i dekninga av Gulf-krigen i 1991 hadde effekten av å «etablere eit inkluderande oss og eksklusiv dei, i dette tilfellet han». Vidare:
«Straks dei to leirane er etablerte, ein innbilt dimensjon knytt til ideologisk konsensus og etniske fordommar, blir dei trekte fram for å skape eit bilete av Saddam Hussein, der han spelar den framande, det irrasjonelle vesenet, den gale, dyret og, til slutt, personifiseringa av vondskap. Dette er skurken i eventyret om rettferdig krig … Dette er oppskrifta som avisa nyttar for stereotypifisering av konflikten og hovudpersonane i konflikten. På den andre sida er det teikna eit positivt bilete eit slags unikt og ideologisk oss, der vi som lesarar vi er inkludert og absorberte.» (Rojo, 1995, s. 49)
Aggresjon som forsvar
Det libyske militæret vart nemnt 1498 gonger, eller 2,17 gonger per artikkel. Militæret i Libya vart oftast referert til som styrkar (699 gonger), soldatar (525) og hæren (105). Ordet «forsvaret», som dukka opp 606 gonger, galdt den libyske forsvarsstyrken berre 19 gonger, eller i 3% av dei tilfella der ordet vart nytta. Derimot vart dei norske styrkane kalla «forsvaret» 287 gonger av dei 480 der det vart nemnt (60%).
Eufemisme
Ifølgje offisielle fråsegner hadde norske jagarfly 583 oppdrag og droppa 569 bomber på ulike mål i Libya, eit land med omtrent like stort folketal som Noreg. Desse bombetokta var ikkje «bombetokt» eller «drap», men bidrag (197 gonger), deltaking (39) og innsats (38). «Bidraga» vart kalla «skarpe» (13), «militære» (9), «våre» (6), «kompliserte» (5), «krevjande» (5), «omfattande» (3), «humanitære» (2) og «nøyaktige» (2). Dei omgrepa som oftast vart knytte til det libyske militæret var «overgrep» (42), «drap» og «valdtekt». Handlingane til det libyske militæret vart absolutt ikkje karakteriserte som «humanitære» eller «vanskelege».
Koalisjonen på si side gjennomførte «operasjon», «intervensjon», «handling» «innsats», «luftåtak», «krigføring», «deltaking» og «flyforbodsone», eller det vart nytta fleire samansette omgrep.
«Opprørarane» gjorde det ikkje, «militsane» gjorde det
I dei første artiklane var motstandarane av regjeringa ofte refererte til som «demonstrantar», «aktivistar» og «motstandarar». Desse gruppene forsvann i stor grad i byrjinga av mars 2011. Etter det vart dei kalla «opprørarar». Etter 20. august hadde opprørarane teke over styringa av Libya og vart erstatta av omgrep som regjeringa og styresmaktene, men ikkje «regimet». Det kom etter kvart mange meldingar om tortur, drap og plyndring. På denne tida dukk omgrepet milits opp. Desse synest å vere dei som før vart kalla «opprørarane». Men det var no «militsar» som hadde ansvaret for tortur og massemord av fangar og andre meir tilfeldige. Nemninga milits frifann opprørarane frå å bli assosierte med desse overgrepa. Då desse valdshandlingane vart forklarte, vart ordet hemn nytta 58 gonger for å karakterisere handlingar som militsgruppene var skuldige i. Gruppene «demonstrantar», «opprørarar» og «milits» ser ut til å vere dei same fysiske personane, men no likevel skilde frå kvarandre med ulikt ordval.
Legitimt styre av glade, demokratiske opprørarar
Somme ord som dukka opp relativt ofte, vart nesten berre knytt til handlingar og motiv for opprørsgruppene. Den mest kjente av desse var «fri» (218), «feire» (143), «demokrati» (133), «legitime» (96), «jubel» (79), «glede» (43), og «rettmessig» (25). Dette er i sterk kontrast til dei påståtte motiva til regjeringsstyrkane, som aldri vart omtala som «legitime» eller som forkjemparar for fridom og demokrati.
Ordet fri* hadde i alt 22 former (fri, fritt, fridom, frigjort, osb.). Dei dukka opp 218 gonger. Omgrepa vart nytta 108 gonger for å få fortalt at opprørarane skaffa seg større territorium, eller som eit uklart omgrep for å forklare motiva deira. Når medlemer av regjeringshæren og politiet vart drepne eller måtte kapitulere eller flykte, vart byen karakterisert som frigjort. Dette ordet vart aldri nytta der regjeringsstyrkane vann landområde tilbake.
Ordet demokrati* dukka opp 133 gonger. I alle unntatt 8 gonger vart dette ordet nytta om motiva til opprørarane eller den Nato-leidde koalisjonen. 6 gonger vart ordet nytta om ideane til Qaddafi om direkte demokrati, då det alltid vart spesifisert at det var sitat frå Qaddafi, og med atterhald om at eigentleg hadde Qaddafi all makt.
I 14 tilfelle vart det hevda at opprørarane kjempa for, eller ynskte, demokrati. I 29 tilfelle jobba vestmaktene (USA, NATO, Noreg og fleire) gjennom militære kampanjar «for ein overgang til» demokrati i Libya. Av desse vart i 11 tilfelle konflikten forklart som overføring frå diktatur til demokrati. Omgrepet demokrati vart mest brukt om motiva til både NATO-alliansen og opprørarane, i 125 av dei 133 gongene ordet vart nemnt. Demokrati og diktatur vart framstilte som den viktigaste motsetnaden i konflikten. Det var ingen forsøk på å definere demokrati, eller gjere greie for korleis opprørarane ville lage eller tillate demokrati.
Det «internasjonale samfunnet», c’est nous
Ein av dei aktørane som det oftast vart referert til, vart kalla «koalisjonen». Denne aktøren var samansett av mindre undergrupper som NATO, Den arabiske liga, og krigførande land som USA, Storbritannia, Qatar, Noreg og Frankrike. Desse aktørane var ansvarlege for militære åtak mot den libyske regjeringa for å støtte opprørarane i Libya.
Mange land i FN stod opp mot handlingane frå koalisjonen. Blant desse var alle landa i Den Afrikanske Union, India, Russland, Kina, Tyskland og søramerikanske statar. Desse «unntaka» representerer det store fleirtalet av alle folk på jorda. Dette avviket i bruken av aktør var spesielt tydeleg i omgrep som ofte vart nytta synonymt med koalisjonen, for eksempel «det internasjonale samfunnet» eller verdssamfunnet.
Sivile
Sivile eller libyske folk som ikkje høyrer til væpna styrkar eller identifiserte institusjonar, vart nemnde 1039 gonger, eller 1,5 gonger i gjennomsnitt for kvar artikkel. Omgrepet «vern av sivile» dukka opp 164 gonger. Aktørane som var ansvarlege for å verne sivile var dei same aktørane som utførte bombeåtak på Libya under borgarkrigen. Den libyske regjeringa vart aldri rekna med blant dei som ville verne menneske.
Da det vart rapportert at det libyske militæret drap folk, var dekninga frå NRK ganske klar på å omtale det som målretta. Ofra for opprørarane, NATO, koalisjonen og det norske militæret vart ganske upresist kalla «personar» og «folk». I 105 tilfelle dukka ordet «person» opp i ein kontekst der det var uråd å finne ut kva slags aktør det var vist til. Etter å ha styrta den libyske regjeringa vart det for eksempel rapportert at opprørarane hadde fengsla 8000 eller 9000 «personar» i Tripoli, men det vart ikkje nemnt om desse menneska var sivile, soldatar eller ei anna gruppe. Det same galdt i setningar som «seks personar er drepne i eit NATO-åtak».
Avslutning
Reportasjar frå NRK viser tendensiøst ordval, spesielt i i dei nemningane som vart nytta i omtala av dei viktigaste aktørane.
Journalistane til NRK kunne ha nytta nøytrale nemningar. Dei rapporterte hendingane ville ha tala for seg sjølve. I staden har journalistane nytta evaluerande nemningar for å signalisere kor negativt eller positivt lesarane bør vurdere aktørar. Framstillingsmåten til NRK hat truleg vore med på å skape negative affektive evalueringar mot visse aktørar, og positive til andre. Stadige koplingar av eit objekt med ein kjenslemessig sterk stimulans fører med seg ein assosiasjon som endrar den evaluerande responsen mot objektet. Evaluerande, førehandsbundne omgrep kan tene som signal til mottakaren, slik at objektet anten blir fordømt eller blir verdsett høgare. Ordvalet signaliserer kva slage meiningar til objektet som er generelt aksepterte, og dermed kva meiningar som er trygge å kommunisere, som er riktige, og som ein trygt kan halde seg til.
Sidan affektive nyansar kan verke inn på korleis folk reagerer på og forstår bodskapen som dei inngår i, kan valet av nemningar frå NRK bli oppfatta som propaganda. Reportasjane frå NRK om krigen i Libya var korkje rettferdige eller balanserte.
NRK har gjort seg skuldig i alvorlege brot på faglege og etiske standardar som høyrer med i seriøs journalistikk, fronta av organisasjonar som International Federation of Journalists, American Society of Newspaper Editors og Norsk Presseforbund. Blant krava er å vere nøyaktig, vise rettferd, halde seg til korrekt tekstsamanheng og unngå tendensiøs framstilling. Utan at ein oppfyller desse krava kan ikkje reportasjar bli rekna som naudsynt informasjonsformidling for å kunne gjere vedtak i viktige saker. Dersom alvorlege avgjerder, slik som å føre krig mot eit anna land, er basert på falske, partiske eller ufullstendige opplysningar og rapportar, kan resultatet bli katastrofalt, slik NATO-åtaket på Libya viser.
Demokrati er ikkje mogleg i eit samfunn som ikkje har høge sanningskrav i reportasjar. Partiske nyhende er meiningslause. I verste fall er dei eit nyttig verktøy for dei som kan styre media for å skape illusjonen om at det offentlege stør opp om krigshandlingane deira. Demokrati blir jo høgt verdsett i luftige lovprisingar, og det blir sagt at vi gjev aktiv støtte til krig for å hjelpe andre nasjonar til å oppnå demokrati, men då treng vi verne demokratiet mot mediamanipulasjon. Gode rutinar og systematiske analysar av reportasjar er naudsynte, spesielt no når NATO, Noreg inkludert, førebur opinionen på å akseptere krig i Syria og Ukraina.
Tilrettelagt av Ola Tellesbø. For full artikkel med referansar, sjå NATO’s Propaganda War. A case study on Norwegian propaganda in Libya av Jón Karl Stefánsson M.A. og professor Floyd Webster Rudmin Ph.D her: http://theindicter.com/natos-propaganda-war-a-case-study-on-norwegian-propaganda-in-libya/





Legg igjen en kommentar