Av Arne Lofthus, Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Framfor valet 2013 lova partia Høgre og Framstegspartiet at dei ville redusera overføringane til jordbruket dramatisk. Framstegspartiet var den mest ekstreme i så måte, der overføringane skulle reduserast med inntil 6 milliardar kroner av ei samla overføring på i overkant av 14 mrd.

Bakgrunnen for desse vyene om store endringar i pengebruk til jordbruket låg i at begge partia meiner at produksjonen av mat skal føregå der slik produksjon er mest økonomisk effektiv, og der jordareal og foredlingsverksemder best kan utføra oppgåvene med å få fram produsert og foredla mat på billegast måte.

Kvardagen slo inn også hjå desse partia etter at dei kom i regjering, og alle har registrert at Landbruks- og Matdepartementet har måtta tilpassa mykje av jordbrukspolitikken sin til andre politiske parti på Stortinget, men og til verkelegheita ute i distrikts-Noreg der trass alt dei fleste jordbruksverksemdene ligg.

Konsekvensane av liberalistisk jordbrukspolitikk

Denne liberalistiske jordbrukspolitikken ser me konsekvensane av ikkje berre i Noreg, men i Europa og andre deler av verda og. Det Europeiske jordbruket er i djup krise mange stader, og svært få politiske grep som vert iverksett av unionen kan bøta på dei grunnleggjande dårlege resultata av førd politikk. Katastrofal økonomi i mjølkeproduksjonen, produksjonskostnader større enn verdien av matprodukta, nedlegging av gardsbruk, fråflytting frå landsbygda, industrialisering av jordbruksproduksjonen og elendige klima- og miljøresultat for matproduksjon er resultatet av denne førde politikken i Europa. Den same utviklinga ser me i Noreg, men så langt har vårt land hatt ein politikk for jordbruk og matproduksjon som har teke opp i seg andre viktige element utanom rein matproduksjon. Distriktspolitikk, eit ynskje om utjamnande inntekter mellom bønder frå matproduksjon, multifunksjonelle oppgåver frå jordbruket, levande bygder og mantraet om matproduksjon over heile landet har gjort at den dårlege utviklinga ikkje har fått slik fart i Noreg.

I tillegg har me det faktum at bøndene gjennom jordbrukstingingar med staten har hatt innverknad på utviklinga innan jordbruket.

Dei uheldige utviklingstrekka i jordbruket starta lenge før Høgre og Framstegspartiet kom i regjeringsposisjon. Me kan difor ikkje leggja skulda på utviklinga på dei åleine, men politikk og tiltak har forsterka seg dei siste åra. Viljen til å halda oppe eit sterkt tollvern er redusert, og regjeringa Solberg har stadige endringsframlegg når det gjeld lovverk og reguleringar knytt til jordbruket. Marknadsreguleringstiltak har vore ein viktig del av norsk jordbrukspolitikk, men denne regjeringa vil svekka reguleringstiltaka og la marknaden rå i mest mogeleg grad.

Grunnen til at regjeringa Solberg har lukkast såpass bra i sin politikk for jordbruket er at samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti og opposisjonen på Stortinget ikkje har vore vakne nok for konsekvensar av ein meir liberalistisk politikk. Dette er svært uheldig fordi me idag ser klare teikn på korleis distriktsjordbruket taper terreng når det gjeld verdiskaping og produksjon andsynes det sentrale jordbruket.

Fortsatt jordbruk over heile landet?

Eit overordna mål for norsk matproduksjon har vore at det skal føregå jordbruk i alle distrikt over heile landet. Denne kjennsgjerninga er basert på at slik har det vore i uminnelege tider, verdiskapinga frå jordbruket har vore viktig for distrikta, kunnskapen om matproduksjon er oppretthalden, verdien av aktivt jordbruk for andre næringar i bygdene har vore stor, busetnaden har vore oppretthalden og matforsyning og mattryggleik er ivareteken på ein god måte.

Strukturen på gardsbruka har vorte forma gjennom lang tid ut frå kvar gardsbruka var plassert på kartet. Store gardsbruk var gjerne plassert der areala var lett tilgjengeleg. Ute i distrikta var gardsbruka mindre avdi arealgrunnlaget ikkje var tilstades i same omfang. Fjell-landbruket hadde gjerne lite innmark, men enorme utmarksområde. Driftformene har vore alt frå store heiltidsbruk til gardsbruk der eigarane måtte henta inntekta si frå fleire hald. Mangfaldet har alltid vore det vanlege. Eit trekk ved strukturen på gardsbruka har vore at dei varene ein ikkje kunne produsera nok av sjølv handla ein til seg frå andre område.

Mekaniseringa av jordbruket har førd til store endringar i matproduksjonen. Ingen andre næringar på fastlandet i Noreg har opplevd slik effektivitetsauke i produksjon som jordbruket har opplevd dei siste 2-3 generasjonane. Resultatet har vore meir produserte matvarer pr arealeining, mindre trong for så mange bønder, og dermed også mindre trong for det vanskelegaste og mest marginale arealet.

Denne utviklinga har gått så langt at samfunnet no ser at dette ikkje er bra.

Men regjeringa Solberg har i si regjeringstid applaudert denne utviklinga, og seier at utviklinga ikkje kan stoppast. Frigjering frå lovpålagte reguleringar i høve til eigarskap og bruk av matjord skal gjera jordbruket i stand til å produsera enno meir mat på færre hender. Den beste jorda skal produsera maten billegast og mest effektivt.

Det er eit sterkt mål frå Høgre og Framstegspartiet å endra jordbruksstrukturen gjennom loverket slik at sal og kjøp av matjord skal føregå friare. Dei sterke reguleringane omkring matjord, forma gjennom lang tid, skal opphevast fordi dei hindrar fri omsetnad av matjord på line med andre produkt for sal. Odelslova vil dei helst fjerna og lovregulerte reglar for prisfastsetjing av landbrukseigedomar er det og framlegg om å endra, slik at den frie marknaden bestemmer prisen på jord til matproduksjon.

I tillegg er det no også framlegg om å likestilla AS-landbruket med personleg eigarskap når det gjeld jordbrukseigedomar og skatteregelen om høvet til å nytta seg av «jordbruksfrådraget».

Ved å stimulera til arealauke på landbrukseigedomar gjennom lovverket, vil samfunnet få ein jordbruksstruktur der det mest vanskelegstilte arealet i bygda ikkje vert brukt. Dette er det rapportert på gjennom arbeid utført frå mellom anna Møre og Romsdal fylke.

Konsekvensane for dei fleste – om ikkje alle – distriktsfylke og kommunar vert at lokale myndigheiter får mindre makt til å ta lokale omsyn når landbrukseigedomar i nærområdet kjem på sal. Grensene for konsesjon på matproduserande jord vert auka, og prisen på slike eigedomar aukar og automatisk. Kven som då fell utanfor når jord kjem på sal er innlysande. Ungdom som vil inn i jordbruket, og som må kjøpa gard på fritt sal, har ikkje lenger hjelp av eit lovverk der målet i utgangspunktet var å sjå til at all jord på eigedomen er i drift.

Omgrepet «sistebonden i bygda» er mange stader heilt reell. Alle frå naboar til lokale- og fylkeskommunale myndigheiter ser det som skje, men ingen ser ut til å gjera noko med det. At mange bønder brukar mesteparten av arbeidsdagen til å frakta inn og ut av gardsbruket og bygda dei innsatsfaktorane og ferdigproduktet som kjem frå produksjonen, ser flott ut, men økonomien i det heile er ofte skral. Investeringsviljen og satsinga i dette jordbruket er opphøgja til noko svært bra, men dei økonomiske realitetane er ofte motsett dårlege. Den store aktiviteten skjuler at produksjonen kostar meir enn gevinsten frå sluttproduktet. Nettoløna til bonden vert dermed oppretthalden av tilskota frå staten, og denne runddansen krev meir og meir tilskot.

Marknadsregulering og tollvern

Marknadsregulerande tiltak som jordbruket sjølv meiner er viktige for å regulera matproduksjonen til det den innanlandske marknaden kan ta unna av norskprodusert mat, vert sett på som utidig innblanding i frie marknadskrefter sitt spel for å regulera matproduksjonen. Bønder skal konkurrera mot andre bønder i å framskaffa den beste maten til billegast mogeleg pris. I ein slik politikk vil det alltid vera taparar, og grensene for kven som taper terreng vil gå opp. Den som var stor og levedyktig i går vert den minste om få år. Mest alle land i Europa fører ein slik politikk for sitt jordbruk, og Noreg er ikkje noko unntak. Vårt vesle jordbruk med norsk geografi og topografi gjer oss enno meir sårbare dersom ikkje myndigheiter har stort fokus på vern av norsk matproduksjon.

Når jordbruksorganisasjonane, økonomiske og fagpolitiske, ser at det er naudsynt med ei eller anna form for marknadsregulering, kjem idag Landbruks- og Matdepartementet på banen og protesterer.

Innanfor mjølkesektoren, i kjøtproduksjonen og i kornproduksjonen ser me dette. Og dersom regjeringa ikkje reagerer så finnst det andre kontrollorgan som gjer det. Den frie konkurransen må ikkje hindrast.

Tollvernet på matvarer og produksjon frå jordbruket er sett på som ein av bærebjelkane i det norske jordbruket. Frå partia på høgresida i norsk politikk vert det framstilt som at tollvernet på jordbruksprodukt er til hinder for utvikling av andre næringar. For alle nasjonar er det viktig å verna om eigen matproduksjon ut frå matsuverenitet og matvaretryggleik. Det norske jordbruket produserer mest alt av matvarer for innanlandsk forbruk. Vår politikk på handel med matvarer er absolutt ikkje aggressiv i høve til andre land. Derimot opplever Noreg at land som også produserer mat og andre jordbruksprodukt for eksport oppfører seg aggressivt mot oss. Sidan Noreg er storeksportør av produkt frå fiskeri og oppdrettsnæring, blir desse produksjonane sett opp mot jordbruket når eksportvoluma skal aukast. Den norske eksporten av fisk har så langt neppe vorte hindra av norsk tollvern på jordbruksprodukt. Men me ser her eksempel på korleis myndigheiter veg verdien av næringar opp mot kvarandre. I denne regjeringa sin periode har jordbruket ikkje sett klare formuleringar på å styrkja tollvernet for norske jordbruksprodukt. Dette må endrast ved nye regjeringar dersom me skal demma opp for enno meir importmat.

Framtida for jordbruket

Siste delen av dette innlegget vil eg nytta til å sjå framover. Glansbiletet av det norske jordbruket er viktig å oppretthalda for mange. Frå Stortinget sin talarstol til direktørar og leidande landbrukssamvirkefolk får me høyra at historien om det norsk landbruket er ein solskinshistorie. Den norske landbruksmodellen har verka etter intensjonen, blir det hevda. Og det er rett at det norske landbruket ikkje opplever krisetilstandar som i andre europeiske land, og i nære naboland.

Vår mat er av høg kvalitet, rekna som sunn og trygg, og folk får nok mat i rikelege mengder.

Men utviklinga går stadig dit at det vert færre bønder, at matjorda blir nedbygd og gror att . Noreg har pr idag berre 1,55 dekar fulldyrka jord pr innbyggjar, og stadig minkande. Me er mellom dei landa på kloden med minst matjord pr innbyggjar. Vår nasjonale matproduksjon er stadig truga av store mengder import, og mykje av den maten me produserer i Noreg er basert på importert råstoff.

Nær 3 millionar dekar i andre land og på andre kontinent må til for at dette glansbiletet skal oppretthaldast. Noreg har omlag 10 millionar dekar fulldyrka matjord innanfor sine grenser. I tillegg har me utmark og beiteområde som kan auka matproduksjonen vår dersom samfunnet vårt vil dette.

Grasareala til fòrproduksjon og beite har eit stort potensiale for auka matproduksjon, men då må samfunnet sjå at det er kyr, sauer og geiter, altså drøvtyggjarane våre, som kan nyttiggjera seg av dette graset.

Produksjonsmåtane våre innan matproduksjon må og sjåast på med kritiske augo. Når det vert stillt spørsmål ved dyrehelse, dyrevern, om kyra ser sola anna enn ut gjennom fjøsdøra og når kyllingane vert fora opp på under 30 dagar til ein muskelbunt med for lite skjelett bør det ringja varselklokker.

I Noreg har me friske og produktive griser, men produksjonsmåtane i store einingar er svært utsette for sjukdom og til konstant bekymring i næringa. I sauehaldet blir produktutviklarane utfordra på å levera ferskt lam heile året. Dette er ikkje eit problem å få til, men det utfordrar næringa på kva sauen og lamma skal eta gjennom dei ulike sesongane. Ordet « kraftforsauen» er blitt vanleg, men fjernar sauenæringa frå det som bør vera miljø- og klimavenleg lammekjøtproduksjon.

Det er gjennom tilskotssystemet at me kan styra den norske jordbrukspolitikken. I dag har me tilskot som premierer både arealbruk og produksjonsvolum. Dette har fungert bra til tider, men det har fordra at me sette grenser for kor mykje areal og kor mykje produksjon ein bonde fekk tilskot til. Når det var rom for å auka tilskota gjennom dei årlege jordbrukstingingane, sette avtalepartane opp tilskota for det «fyrste arealet» og dei fyrste kiloane/literane. Dermed fekk alle, store som små sin del av auke gjennom budsjettpengar frå samfunnet og prisauke gjennom marknaden. Areal og produksjon ut over eit viss nivå vart sett på som ein stordriftsfordel som marknaden tok seg av.

Ved jordbruksoppgjeret 2014 vart det dramatiske endringar i dette. Noverande regjering prioriterte dei største og dei med best vilkår for stor produksjon. Det er ikkje lenger arealgrenser for tilskot. Det er ikkje lenger produksjonsgrenser for tilskot til kjøt, mjølk, grønsaker, frukt og bær.

Dette inneber at dei største som i utgangspunktet har stordriftsfordeler, får meir og meir pengar frå storsamfunnet, medan dei mindre kan risikera mindre pengar avdi satsar pr kilo og liter kan minka.

I tillegg til dei tradisjonelle «drivarane» for endringar i jordbruksstrukturen, får me no eit A-lag med store bruk og stor produksjon som finn det rettferdig og rimeleg at dei får mest pris- og budsjettstøtte, og eit B-lag med mindre bønder som vert skvisa på økonomi. Inntektsutviklinga i jordbruket vert ikkje lik for alle bønder, nokre tener svært godt og mange sakkar akterut. Distriktsjordbruket taper terreng fordi der ligg dei minste bruka med vanskelegast areal. Sentraliseringa av jordbruket skyt fart, og verdiskapinga og produktiviteten aukar i desse områda ut frå ein vilja og styrt politikk.

Denne politikken kan brytast dersom samfunnet vil ha jordbruk over heile landet på norske areal og ressursar. Det krev at jordbrukspolitikken vert diskutert i det opne rom og at mytane om at jordbrukspolitikk er så vanskeleg at få skjønar noko av det vert avliva. I framtida må dei fleste tilskota gå til areal og matjord, og utmarka må meir med når tilskota skal utformast. Matsuverenitet, matvaretryggleik og retten til sunn, trygg mat for folket er ein menneskerett. I vårt land er dette sjølvsagt for dei fleste, men det har ikkje alltid vore slik. I mange land er desse hovudmålsetjingane ikkje sjølvsagte. Dette skapar nasjonale og internasjonale katastrofar. Ein del av våre myndigheiter, særleg forsvarspersonell på høgt plan er ottefulle for vår matvareberedskap. Og dei har rett, det er grunn til uro.

Tenk over at mange små matproduserande jordbrukseiningar er meir robuste i matvareproduksjonen enn få, men store einingar. Hugs og at maten skal fordelast over heile landet vårt til ei kvar tid gjennom alle tenkelege kriser. Kom og i hug at det er uhyre viktig for samfunnet at det er nasjonal og helst lokal kontroll med matjorda. Tenk deretter gjennom at matjorda skal vara evig, så lenge det bur folk her. Då blir det vidare uhyre viktig korleis me steller med matjorda vår. Matjorda er ikkje ein evigvarande ressurs dersom ho ikkje vert stelt som det dyrebare ho er.

Konklusjonen blir at matproduksjon er samfunnssak. Bøndene er dei som har fått samfunnsoppdraget med å produsera maten. Det bør vera samfunnsmessig viktig å lyfta jordbrukspolitikken opp slik at alle kan ta del i den. Tidsskriftet Sosialistisk Framtid har alle fordeler av å gjera eit slikt arbeid. Det er vidare viktig å tvinga norske politikarar til å «utdanna» seg omkring matjord og matproduksjon, og å gjera dei rette vala for norsk evigvarande matproduksjon.

Etter mi meining er forbetringspotensialet kjempestort.

 

Artikkelen er skrevet før Venstre gikk inn i regjering. Red. mrk.

Legg igjen en kommentar

Trending