Av Maria Bonita Igland
Hausten 2017 blei verdsveven og verda teke med storm av #Metoo-kampanjen. Denne kampanjen har freista å setje søkeljos på seksuell trakassering mot kvinner. I Noreg har kampanjen kome i fleire variantar. Med ulike emneknaggar som #Ikkjetilforhandling og #Nårmøtevertheva har tusenvis av kvinner frå ulike miljø og bransjar delt historier om seksuell trakassering som sender frysningar ned ryggraden.
Som følgje av #Metoo-kampanjen har spørsmål om skeive maktforhold og samfunnsstrukturar att fått ein plass på den politiske dagsorden.
Samstundes har kampanjen også utfordra liberalfeminismens tankegong om at individet skal frigjere seg sjølv, fordi fleire no ser at sjølv i verdas mest jamstilte land vert kvinner avgrensa av seksuell trakassering. Overalt i verda – også i Noreg – er kvinner ofre for uynskja seksuell merksemd, og dette problemet er også tilknyta dagens økonomiske system.
#Metoo og kapitalismen
Med eit system som heile tida søker profitt vert arbeidarklassen eit offer for eigarklassens perverse behov. Dette er noko som særleg går utover kvinner i arbeidslivet. I 2013 jobba 41 % av kvinner i arbeidslivet deltid i Noreg, og me er eit av dei landa i Europa som er flinkast på å parkere kvinner i deltidsstillingar. At kvinner vert møtt med deltidsarbeid har fleire konsekvensar. Samstundes som me får dårlegare lønn vert det også endå vanskelegare om ein vert trakassert av sjefen.
For kvinner som allereie slit med å få endane til å møtast, vert det nærmast umogleg å konfrontere sjefen med upassande meldingar eller uynskt berøring, rett og slett fordi sjefen sit med moglegheita og makta til å frata kvinna levebrødet. Med det maktforholdet som er i dagens arbeidsliv vert kvinner i sårbare økonomiske situasjonar nøydd til å godta upassande åtferd frå sjefen, fordi ”deltid”-, «tilkallingsvikar»- eller «mellombels»-skiltet deira gjer kvinner mindre truverdige i møte med sjefens upassande åtferd. Det er ikkje enkelt å seie ifrå om dårleg praksis på arbeidsplassen, om konsekvensen blir at ein ikkje har jobb neste veke. Den røyndomen fleire kvinner i arbeidslivet vaknar opp til heng uløyseleg saman med kapitalismen, og difor utgjer også dagens økonomiske system ein stor del av det strukturelle problemet #Metoo tek opp.
Samstundes som deltidsarbeid er ein del av problematikken rundt seksuell trakassering i dag, er også mangelen på lik lønn for likt arbeid det. Framleis vert dei kvinnelege tradisjonelle yrkene underbetalte, noko som gjer at kvinner som ikkje har stødige økonomiske bein å stå på ofte ikkje har moglegheita til å gjere opprør mot en urettferda som rammer dei. Lågare løn, samankopla med meir mellombels stillingar, har ein sterk disiplinerande effekt på kvinner i det moderne arbeidslivet.
Eit samfunnsproblem som handlar om maktforhold
Enkelte spør om ikkje det no er sånn at menn ikkje lenger skal få lov til å flørte. Det vert snakka som om det er ein slags nypuritansk bølgje som slår inn over oss. Til dei vil eg berre nemne at det er ein klar forskjell på klønete flørting, og å trakassere nokon. I definisjonen av trakassering ligg det nemleg at det er fornærmede som har definisjonsmakta, og at det må skje fleire gongar for at det skal vere juridisk straffbart.
Andre vert rett og slett forferda over at folk, i fyrste rekkje oss kvinner, er for pripne og bør «tole såpass». Det disse «kritikarane» ser til å gløyme, er at ein lyt vere varsam med å bruke seg sjølv som målestokk på korleis andre menneske skal oppfatte ein situasjon. At ein sjølv ikkje har noko problem med å bli klapsa på rumpa, eller få seksuelle merknadar kasta etter seg, er ikkje einstydande med at alle gjer det. Folk har forskjellige erfaringar og kjensler i samband med eiga kropp og seksualitet. Om ein har dette som utgangspunkt, vil ein sjeldan trå feil.
#Metoo-kampanjen har kasta ljos over eit samfunnsproblem millionar av kvinner i heile verda opplev, medan den også har tatt eit oppgjer med høgresidas idé om at frigjering er noko som skal skje individuelt. Dei skrekkhistoriene kampanjen har avdekkja har vist at frigjering er nøydd til å skje kollektivt, og det må skje parallelt med ein anti-kapitalistisk kamp. Vald mot kvinner er eit samfunnsproblem som handlar om maktforhold, og desse uproporsjonale forholda endrast ikkje så lenge kvinner er økonomisk underlagt dei som utfører trakasseringa.





Legg igjen en kommentar