av Gudmund Kollung Selvåg. Artikkelen er frå 2010.
Kurt Tucholsky skriv i 1929: “Nyleg blei eg belært av ein svært fin skribent at det er ein feil å tru at arbeidsfolk byggjer tårna, dei berre murar dei opp. Berre. Arbeidaren gløymer av og til kven han arbeider for. Mennesket er innretta slik, at arbeidet kan trollbinda, han trekk skruane til, som om dei var hans eigne, og som om han fekk betalt for det. Men han får ikkje betalt, han får berre vekeløna si. Dei heng utanpå tårnet, dei ligg på bru-konstruksjonane, dei kravlar opp i stillasa og rører seg på vaklande stigar mens dei murar, eg gløymde å sei : berre. Dei murar berre opp. Dei sørgjer for å verkeliggjera ingeniøren sin åndelege visjon. det kan jo alle gjera, ikkje sant…….om den fine skribenten, som tankelaust skreiv sitt “berre”, også kan, tillet eg meg å tvile på. For eg har den oppfatning at:
Håndens arbeidar er likestilt med åndsarbeidaren. Den første kan ikkje konstruera tårn på papiret, den andre kan ikkje stå opp klokka fem kvar morgon og stille på arbeidsplassen i all slags vær, arbeide utan å bli svimmel og leggja alle sine krefter i oppgåva, kvar av dei kan sitt. “Berre”… det mest overflødige i verda er ein småborgarleg filosof.”
Det forundrar meg alltid når menneske proklamerer kva marxisme er, eller til dømes proklamerer ”etter streng marxistisk logikk” eller liknande. Der er noko kjent stalinistisk over slike proklamasjonar. Nokon som seier: slik er det, dermed basta. Men marxismen er vel ein vitskap, eller kva? Marx stifta ikkje ein ny religion, han var vitskapsmann, og i vitskapen finns der ingen ting som er sant.
Arbeidarklasse er eit av omgrepa som er blitt proklamert og vrangvridd av stalinistar og borgarlege ”filosofar”, ein har meint at Marx har slått fast ein gong for alle kva ein arbeidar er, og når dette er slått fast, har ein funne at arbeidarklassa held på å døy ut, at der knapt fins verkelege arbeidarar lenger og at Marx har tatt feil og ligg på historia sin søppelhaug. Utgangspunktet er då at ein arbeidar brukar musklane sine til å produsera ei vare, helst i røyk og damp og støy. Alle andre som ikkje produserar ei vare på denne måten tilhøyrer ikkje arbeidarklassa.
Marx om arbeidarklassen
I det kommunistiske manifestet opererer Marx og Engels med to klassar: borgarskap og proletariat. Eller direkte sitert: ”tidsbolken vår, bourgeoisi-epoken, merkjer seg likevel ut med at han har gjort klassemotsetninga meir beint fram. Heile samfunnet kløyver seg meir og meir i to store fiendslege læger, i to store klassar som står kvast imot kvarandre: borgeoisiet og proletariatet.” Andre stader som i ”Klassekampen i Frankrike” brukar Marx heile sju klassar: finansaristokratiet, det industrielle borgarskap, småborgarskapet, bøndene, kapasitetane(dei ideologiske representantane), proletariatet og filleproletariatet.
Overført til vår tid ville til dømes filleproletariatet vore ein av dei største gruppene, her ville vi finna pensjonistar, uføretrygda, arbeidslause, sosialklientar… Mens dei store gruppene i offentleg sektor ville vi ikkje finna att i Marx si oppdeling i det heile.
Marx einaste forsøk på å presentere ein samanhengande slutning om klasse, finn vi på slutten av Kapitalens tredje bind, det er eit ufullført kapittel. I det Marx skreiv får vi vite at lønnsarbeidarar, kapitalist og jordeigar, dannar dei tre store klassene i vår tid (Marx si tid). Men, seier Marx det er den kapitalistiske produksjonsmåten sin vedvarande tendens og denne si utviklingslov å skilja produksjonsmidlane meir og meir frå arbeide og konsentrere dei oppsplitta produksjonsmidlane meir og meir i store grupper, det vil sei å forvandle arbeidet til lønnsarbeid og produksjonsmidlane til kapital. Marx spør: kva er det som utgjer ein klasse, og svaret framkjem sjølv når vi svarar på eit anna spørsmål: kva er det som gjer at lønnsarbeidarar, kapitalistar og jordeigarar dannar dei tre store klassane i samfunnet? Det er at inntekt og inntektskjeldene er av same art i dei tre gruppene., dei lever enten av arbeidsløn, profitt eller jordrente. Vi ser i dette ufullførte avsnittet av Kapitalen at Marx tok utgangspunkt i kvar inntekta kom frå, levde ein av arbeidsløn så var ein arbeidar. Men Marx var også klar over at der var ei oppsplitting innan kvar klasse med ulike interesser og ulik klassemedvit.
Marx var ingen religionsstiftar. Han gjorde ikkje krav på å vera utan feil. Han visste at han var bunden av dei forhold i tida som han levde under, slik andre menneske var. Det kunnskapsmaterialet som han arbeidde med, var avgrensa av kunnskapen i tida. Dei spørsmål han reiste, dei ideane han gjorde seg til talsmann for, sprang ut av tidsforholda, var i innhald og form bestemt av dei interessemotsetnader og dei problem som knyte seg til samfunnet og klassemotsetningane i hans eigen tid.
For å forstå begrepet klasse må vi gå til Kapitalens 1.bind. Her undersøkjer Marx vara. Vareproblemet er ikkje berre eit enkeltproblem eller eit sentralt problem ved økonomien, det viser seg å vera det sentrale strukturelle problem i det kapitalistiske samfunn i alle livsytringar. Varestrukturen gjennomtreng alle desse livsytringane og omdannar dei i sitt eige bilete. Vareforma er universell, men det mest avgjerande i denne forbindelsen er at det menneskelige arbeid blir objektivisert og får karakter av vare, som ein kan handle med. Det er ikkje berre det faktiske, at arbeidaren sel vara som heiter arbeidskraft, men i bevisstheita til arbeidaren har arbeidskrafta tatt form av noko sjølvstendigt, som rett nok arbeidaren eig, men som er objektivisert i form av vare. Arbeidaren må sjå på seg sjølv som eigar av arbeidskrafta som vare. Det spesielle er at arbeidskrafta er det einaste han eig.
Arbeidskrafta blir skild frå arbeidaren sin personlegdom, blir forvandla til ein ting, ein gjenstand, som blir selt på marknaden. Dette skjer om ein står ved ein maskin i ein fabrikk, eller om ein er teknikar, ingeniør eller vitskapsmann som utviklar vitskapen sin tekniske bruk. Eller som byråkrat, har byråkraten noko anna å selja enn arbeidskrafta si? Forskjellen mellom byråkraten og kroppsarbeidaren ligg i at byråkraten berre sel ein del av dei åndelege evnene sine, mens arbeidaren får undertrykt alle åndelege evner gjennom den maskinelle mekaniseringa. Det er berre ei evne eller eit kompleks av evner som blir rive laus frå personlegdomen og som blir objektivisert i høve til den og blir til ein ting, ei vare. Grunnfenomenet blir det same.
Arbeidsdelinga
Den spesielle form for byråkratisk samvitsfullhet og saklegheit, den nødvendige fullstendige underordning under systemet, som byråkraten lever under og førestillingane om at nettopp hans ære og ansvarsfullhet krev ein slik underordning viser at arbeidsdelinga slår rot i såvel det etiske som det psykiske. Felles for byråkratiet (og alle andre intellektuelle, åndsarbeidarar o.s.b.) er at dei skal selja ei einskild eller ein del av sine åndsevner (arbeidskraft) på marknaden, som vare.
Tendensen innan kapitalismen er den absolutte og relative vekst av lønnsarbeide. Der føregår ein stadig tilbakegang innan sjølvstendige yrke til dømes i landbruk og handverk. Auken i lønnsarbeid gjer seg også uttrykk i at reservearmeen minkar og stadig fleire kvinner blir lønnsarbeidarar. Vi får ei stadig tydelegare polarisering i to klassar, borgarskap(kapitalistar) og proletariat (lønnsarbeidarar), og der det samfunnsmessige høve er bestemt gjennom motsetningane mellom kapital og arbeid.
Innan tradisjonell industri får vi ein stadig sterkare framvekst av personell med naturvitskapleg eller ingeniørvitskapleg eller teknisk kvalifisert bakgrunn, som driv med førebuing, gjennomføring og kontroll av den materielle produksjon. Denne gruppa som vi med ein felles omgrep kan kalla teknisk personell, har etterkvart mista sin prestisje og lønnsfordeler, og blir meir og meir lik andre produksjonsarbeidarar. Dette er eit nødvendig resultat av den ”samfunnsmessiggjering” av arbeidet og sterke allmenngjering av vareproduksjonen som skjer i kapitalismen. Vi ser også at det tekniske personell blir ramma like hardt som tradisjonelle arbeidarar av dei sykliske krisene innan kapitalismen, til dømes i dagens bilproduksjon i USA og Sverige.
Marx underkasta klasseomgrepet det same abstrakttive nivådifferensiering som karakteriserar framstillinga i kritikken av den (borgarlege) politiske økonomien (i Kapitalen). Der blir derfor ikkje gitt noko eintydig svar på kva arbeidarklasse er , det vil sei kva arbeidarklasse er utan omsyn til om det dreier seg om historisk-politiske eller økonomiske samanhenger, om det er samfunnsmessig ålment eller empirisk konkret meint. Det er viktig å forstå at ”arbeid” kan vera nødvendig utan å vera produktivt. Det vil sei produktivt i marxistisk forstand blir det først når det produserer meirverdi, kapitalisert meirverdi, det er derfor det produktive arbeidet er kapitalens alfa og omega. Det forhold at den samla samfunnsmessige reproduksjonen kviler på og forutset ein mengde arbeidsfunksjonar som ligg utanfor den eigentlege produktive sektor, betyr ikkje ein nedvurdering av denne sektoren sin sentrale status.
Michael Mauke skreiv i boka ”Die klassentheori von Marx und Engels”(Europeische Verlagsanstalt,1970) at arbeidarklassen var delt i fire sosialøkonomiske grupper ut frå den stillinga dei har i høve til verdiskaping og på bakgrunn av den ålmenne sosialhistoriske utvikling:
1. meirverdiproduserande arbeidarar i landbruk, industri og transport.
2. meirverdirealiserande arbeidarar i handel, bankar, forsikringsselskap
3. offentleg teneste tilsette i kommune, stat eller annan offentleg institusjon
4. privat teneste tilsette i private heimar og liknande.
Alle desse gruppene yter meirarbeid, det er det ålmenne utrykk for utbytting. Det er berre i gruppe 1 at der dreier seg om produktivt arbeid, dei andre gruppene kan kallast ikkje-produktive eller uproduktive. Men arbeidarar er dei likevel.
Klassemedvit
Den kapitalistiske produksjonen sitt umiddelbare mål og eigentlege produkt er meirverdien, dermed kan berre det arbeidet som produserer meirverdi vera produktivt arbeid, og berre den arbeidar som produserer meirverdi vera produktiv arbeidar. Om ein arbeidar er produktiv eller ikkje har etter mi meining berre interesse i ein diskusjon om klassemedvit, ein produktiv arbeidar kan ha lettare for tileigna seg ein høgare grad av klassemedvit enn ein arbeidar som ikkje produserer meirverdi. Dette kjem ikkje minst av at meirverdiproduserande arbeidarar ofte arbeider på større arbeidsplassar.
Wilhelm Reich undersøkte omgrepet klassemedvit i ”Was ist Klassenbewusstsein?” i 1934, han kom fram til denne konklusjonen:
”Massane sin klassemedvit består ikkje i kjennskapen til dei historiske eller økonomiske lovene som styrer menneska si tilvære, men i:
- Kjennskapen til deira eigne behov på alle område.
- Kjennskapen til moglegheitene for og vegane til å tilfredstilla desse behova.
- Kjennskapen til dei hindringane som den privatøkonomiske samfunnsorden legg i vegen for denne tilfredstillina.
- Kjennskapen til eigen hemning og angst for å sjå realitetane som fylgjer av deira eigne liv og dei hindringane som blir lagt i vegen for det (fienden står i eige land gjeld i særleg grad for undertrykte individ).
- Kjennskap til deira eigen kraft som er uovervinneleg når massane sluttar seg saman.
Marx kan lesast vulgært. Slik lesing finn vi ikkje berre blant stalinistar, men i dag kanskje mest blant borgarlege økonomar. Vi finn stadig artiklar som påviser at arbeidarklassen minkar, ja heilt er forsvunnen. Vi finn artiklar om at proletariatet ikkje, som ein trur, er blitt forarma, men har hatt ei kraftig velstandsutvikling. Men Marx har med elendiggjering aldri vist til noko absolutt, men til noko økonomisk relativt. Vi får stadig servert at det kapitalistiske system ikkje har brote saman, som ”Marx har hevda”, og ser ikkje at Marx i Kapitalen (første kapitla i tredje bind) har peika på ei rekkje krisemodifiserande omstende.
Også på venstresida finn vi stor forvirring om kva arbeidarklasse er. den danske forfattaren Lars Olsen (Det delte Danmark (2005), Den nye ulighed (2007) , Den sociale smeltedigel (2009) og Eliternes triumf(2010) skriv i den siste boka si at vi har fått eit klassesamfund, version 2.0. og seier det slik:
«Jeg vil inddele det i fire klasser. Der er først samfundseliterne, som også indbefatter den højere middelklasse, og som udgør de øverste 5-10 procent. Så har vi det næste lag, professionerne: lærere, gymnasielærere, sygeplejersker, etc., som i kraft af deres uddannelse har stor indflydelse på deres arbejde. Så er der langt den største gruppe, som jeg stadigvæk vil kalde arbejderklassen – eller det brede lag af almindelige lønmodtagere. Endelig er der den nye underklasse af 10-15 procent i bunden. Det er bistandsklienter, langtidsarbejdsløse, udstødte, og her ser vi nu mange med indvandrerbaggrund.»
Ei slik forvirrande ”klasse”-inndeling, han skriv endåtil at ”de uddannede klasser tager magten….”, har berre eit resultat, det er å splitta arbeidarklassa, setja åndens arbeidar opp mot håndens arbeidar. Og splitting, det er det berre klassefienden som har føremon av. I eit kapitalistisk samfunn er det kapitalistklassa som har makta, det fins ikkje ein einaste moglegheit for at ”dei utdanna klassar”, dei intellektuelle kan ta makta. Omgrepet elite er også eit problematisk omgrep, den herskande klasse kjøper grupper innan arbeidarklassa, for høgare løn og andre godar prostituerer desse seg for å sikra at makthøva i samfunnet ikkje endrar seg og at den herskande klassen held på hegemoniet sitt. Å kalla desse gruppene elite er ei grov overvurdering av rolla deira.
Dersom ein ikkje veit kva for klasse ein tilhøyrer, er det lett å ta feil standpunkt, og arbeida mot sine eigne klasseinteresser. Som soldaten seier til studenten i John Reeds bok Ti dagar som rysta verden: ”der er to klasser, proletariat og borgarskap, og dei som ikkje står på den eine sidan, er på den andre.”
Den nye arbeidarklassen
Men, klassereisa? Klassereiser er veldig sjeldne i vår tid, like sjeldne som i tida då Espen Oskeladd fekk kongsdottera. Om ein ungdom med foreldre som var industriarbeidarar får utdaning og arbeid som professor, så er det inga klassereise, høgst ei reise innan klassa, industriarbeidaren og professoren sel begge arbeidskrafta si, lever begge av lønnsarbeid og tilhøyrer same klasse, av og til kan den meirverdiproduserande arbeidaren til og med ha høgare løn enn professoren og ofte også eit høgare kulturelt nivå. Ein arbeidar er ein arbeidar uansett utdanning, fagleg kvalifisering, kulturelt nivå, det som er utslagsgjevande er om han sel arbeidskrafta si for å leve.
Der vil alltid vera grensetilfelle , som direktørane i amerikanske storbankar med milliardar i årsløn, slike grensetilfelle kan vera morosame, men er få og heilt utan interesse i den store samanhengen. Meir interessant er den gruppa som er utstøytt av arbeidslivet, permanent eller midlertidig : uføre, sosialklientar, arbeidslause, pensjonistar. Ei veksande gruppe. Marx ville kalla denne gruppa filleproletariatet. På Marx si tid var desse gruppene utan innkomst og levde i djup elende, som gjorde dei til reiskap for den herskande klassa. I vår tid er denne arbeidskraft reservearmeen, som kjem frå arbeidarklassa, ein naturleg alliert til same klasse.
Hovudtendensen i vårt land og internasjonalt er at arbeidarklassen veks. I dei vestlege utvikla landa veks den uproduktive delen av arbeidarklassa mest, men ser vi på land som India, China, Indonesia, Brasil så er det den meirverdiproduserande delen av arbeidarklassa som veks, mens jordbruksbefolkninga minkar.
Dei store massane som sel arbeidskrafta si og mottek arbeidsløn, arbeidarane, har nå meir enn nokon sinne felles interesser. Dette gjeld innan i de einskilde landa, men ikkje minst gjeld det at arbeidsfolk samarbeider over grensene. Aldri nokon sinne har vi sett sanninga i Rosa Luxemburg sine ord: sosialisme eller kaos.
Den vulgære lesinga av Marx, saman med den manglande lesinga av Marx gjer stor skade for marxismen som vitskap (og det er vel det som er føremålet?), skal venstresida koma framåt må vi reisa marxismen som vitskap og forstå at ein vitskap er mangslungen og aldri kan vera ”sann”. Men først og fremst må vitskapen studerast og diskuterast i vår tid, berre gjennom diskusjonen kan vi koma vidare.





Legg igjen en kommentar