– intervju med Ingrid Sharp og Corinne Painter
av Aslak Storaker
Denne hausten er det 100 år sida den tyske Novemberrevolusjonen som førte til avslutninga av første verdskrig. Krigen som varte frå 28. juli 1914 til 11. november 1918 tok meir enn 9 millionar militære og 7 millionar sivile liv. Russland var det første landet som trakk seg ut av krigen, etter bolsjevikane sin Oktoberrevolusjon i 1917. I løpet av hausten 1918 hadde Tysklands allierte Bulgaria, Det osmanske riket og Østerrike-Ungarn også kapitulert.
I oktober-november 1918 utløyste eit mytteri blant matrosane i den tyske krigsflåten ein arbeidaroppstand i Kiel som raskt spreidde seg over heile landet, og revolusjonære arbeidar- og soldatråd overtok makta i fleire byar med krav om brød og fred. Då hæren i Berlin slutta seg til arbeidarane i staden for å skyte på dei, blei keisaren avsette og sosialdemokraten Friedrich Ebert overtok regjeringsmakta. Ebert baserte seg delvis på den keisarlege administrasjonen, delvis på arbeidarrådsbevegelsen. Det nye styret inngjekk våpenkvile og trakk Tyskland ut av verdskrigen 11. november, innførte åttetimars normalarbeidsdag og allmenn stemmerett for både menn og kvinner.
Men medan venstresida i arbeidarrådsrørsla kjempa for ein sosialistisk arbeidarrådsrepublikk basert på direkte demokrati og sosialisering av produksjonsmidlane, allierte Ebert seg med den keisarlege generalstaben og høgreekstreme paramilitære frikorps, som knuste dei revolusjonære med vald og myrda leiarane deira. Novemberrevolusjonen slutta med innføringa av den borgarleg-parlamentariske Weimarrepublikken med Ebert som første president og dei tyske sosialdemokratane, SPD, som største parti i parlamentet.
Sosialistisk framtid har vore så heldige å få intervjue Ingrid Sharp og Corinne Painter om kva rolle arbeidar- og kvinnerørsla spilte i krigsmotstanden generelt og Novemberrevolusjonen spesielt.
Ingrid Sharp er professor i tysk kultur- og kjønnshistorie hjå University of Leeds. Ho har dedisera mange års forsking på å utforska roller åt kvinner som har utfordra dominerande idear og forskansa autoritet og freista endring; på korleis stundar med krise og konflikt kan virka som katalysatorar for desse utfordringane, samt korleis kjølvatnet åt konflikt kan tilby ei kortvarig opning kor samfunnsmessige og kjønnsmessige normer kan verta forhandla om. Ei nyleg publisering redigera saman med Matthew Stibbe er (2017) Women Activists between War and Peace. Europe 1918-1923 (Bloomsbury).
Corinne Painter er kulturhistorikar og forskings- og prosjektleiar for prosjektet Kiel Uprising: Women’s Activism and the German Revolution. Både mastergraden (MA) og doktorgraden (PhD) hennar undersøkte erfaringane åt jødiske kvinner på starten av det tjuefyrste hundreåret og kvinnehistorie er eit forskingsfokus for henne. Ho har òg arbeida i museums- og historiearv-sektoren, samt vore involvera i å sikra offentleg tilgang til akademisk forsking.
Sharp og Painter står bak prosjektet Kiel Uprising: Women’s Activism and the German Revolution, som handlar om å finna kvinners stemme frå revolusjonen og framheva den viktige rolla dei hadde. Til dette prosjektet har dei laga ein database kor dei har funne over 250 kvinner som haldt på med revolusjonær aktivitet. Dei har arbeidd i samarbeid med Fredsmuseet og teaterselskapet Bent Architect for å nytta denne forskinga i utviklinga av ei utstilling, eit program for oppsøking og eit teaterstykke, Women of Aktion.
– Kan de fortelja oss om kva den tyske revolusjonen var og korleis den føra til slutten på krigen?
– Den tyske heimefronten erfara fire år med elende. Den alliera økonomiske blokaden var svært effektiv og Tyskland fekk straks knappleik på mat og råvarer. Innhaustinga i 1914 var dårleg og slik vart matmangelen forverra. Regjeringa var treige i å reagera på problemet og prioritera mat og materialar til militært bruk. Vinteren 1916/17 var den verste og vart kalla «turnipsvinteren». Lønna haldt ikkje tritt med inflasjonen, noko som føra til at folk leid. I tillegg var det ikkje alle som støtta krigen i Tyskland. På trass av omfattande sensur fann mange menneske måtar å agitera for ein slutt på krigen og organisera anti-krigsaktivitetar i løyndom. Dersom dei vart tekne fekk dei fengselsstraff. Støtta til krigen var låg; frå 1915 var det streikar, demonstrasjonar og opptøyar.
Som ei følgje gjekk Tyskland gjennom utbreidd uro i løpet av krigen. Den 30. oktober 1918 nekta ei gruppe seglarar i Wilhelmshaven nord i Tyskland å fylgja ordre. Den tyske øvstekommandoen hadde beordra dei inn i ein stor offensiv mot britane og amerikanarane. Seglarane såg på dette som eit sjølvmordsoppdrag og nekta. Dette vart sett på som eit mytteri og seglarane vart sendt gjennom Kaiser Wilhelm-kanalen til Kiel, kor dei vart fengsla. Innbyggjarane i Kiel tok til gatene og protesterte. Dei lokale myndigheitene reagerte undertrykkande og skaut på dei protesterande. 7 menneske mista livet. Protestane vaks og folket marsjerte mot fengselet. Mange soldatar vart med i protestane. Folket sikra lauslatinga åt seglarane og tok over styret i byen.
Protestane spreidde seg raskt på tvers av Tyskland og nådde München på berre to dagar. Den 9. november flykta keisaren. Revolusjonen, som for det meste var ikkje-valdeleg, hadde vore ein suksess. Den nye regjeringa forhandla fram til våpenkvila den 11. november. Medan revolusjonen ikkje var den einaste faktoren som leia til slutten på krigen, så var den verkeleg ein svært viktig ein. Revolusjonen leia til keisarens abdikasjon, noko som dikterte tidspunktet åt krigsendinga.
– I slike hendingar fokuserer historikarar ofte på rolla åt leiande organisatorar og tenkjarar. Kva var rolla åt vanlege kvinner og menn som deltok i revolusjonen og kva motivera dei?
– Mange folk i fleire forskjellige byar på tvers av Tyskland deltok i revolusjonen, så det er vanskeleg å seie presist kva som motiverte kvar einskild person. Anti-krigsaktivistar forsøkte å gjera folk merksame på at elendet dei opplevde var forårsaka av krigen. I kvinners tilfelle, og mange menn, betydde dette at dei leid grunna avgjerslene åt politikarane som dei ikkje kunne stemma over. For fagforeiningsfolka kunne ein slutt på krigen hjelpa i å betra lønn og arbeidsvilkår.
Streikane, opptøyane og massedemonstrasjonane, som utgjer ei nøkkelrolle i den revolusjonære konteksten, var ofte organisera og leia av vanlege kvinner. Kvinner var nøydde til å stå i kø i fleire timar for å få tak i mat til familiane deira og det var inga garanti for at forsyningane ikkje hadde gått tom før dei nådde fram i køen. All denne ventinga gav kvinner anledning til å planleggja.
Då revolusjonen var i gang var kvinner involvert på mange ulike vis. Somme sat i styre og fatta avgjersler for å assistera styret av regionen. Andre hadde administrative rollar. For å bevisa at soldatane ikkje var desertørar, men revolusjonære, trengte dei avgangspapir. Mange kvinner var involvera i den byråkratiske administrasjonen av dette. Andre kvinner deltok i å forsvara revolusjonen mot kontrarevolusjonære styrker. Nokre utnytta kjønnsforventingar for å smugla våpen.
– Kva var rolla åt den tyske kvinnerørsla og fagforeiningsrørsla i kampen for å få ende på krigen? Eg veit det var ei skilje i det tyske arbeidarpartiet kor majoriteten støtta krigen, medan ein kommunistisk minoritet leia av Rosa Luxemburg, Karl Liebknecht og Clara Zetkin agitera imot. Var det ei liknande skilje i kvinnerørsla?
– Det var ei skilje både innan den liberale middelklasse-kvinnerørsla og mellom dei og dei sosialistiske kvinneorganisasjonane. Arbeidarklassekvinner deltok friviljug i krigen side om side med middelklassekvinner innan den nasjonale kvinnetenesta leia av kvinner frå Bund Deutscher Frauenvereine – den fremste paraplyorganisasjonen for den liberale rørsla. Desse kvinnene engasjera seg i patriotisk krigsarbeid og braut av internasjonale kontaktar.
Det var likevel minoritetsgrupperingar innan både den sosialistiske og den liberale rørsla som var imot krigen. Desse kvinnene strakte ut ei hand til søstera deira i nøytrale og “fiendtlege” land med bodskap om solidaritet og formulera ei form for feministisk pasifisme under deira to møter i Den Haag i 1915 og i Zürich i 1919. Kvinner slik som Lida Gustava Heymann, Anita Augspurg og Helen Stöcker var i front i denne seksjonen.
Clara Zetkin var òg imot krigen og kalla inn til eit internasjonalt møte for sosialistiske kvinner i Bern i 1915. Manifestet frå denne konferansen vart spreidd i dei krigførande nasjonane og mange kvinner vart politisera gjennom deira rolle i å dela vidare teksten og diskutera ideane uttrykt der i løyndom.
Å vera imot krigen var farleg; mange kvinner som engasjera seg i anti-krigsaktivitetar vart arrestert. Rosa Luxemburg, til dømes, vart arrestera i 1916, medan andre kvinner, slik som skribenten Claire Goll, gjekk i eksil. Somme kvinner nekta å delta i velferdsarbeid i von om at lidingane åt folket skulle oppmuntra dei til å opponera mot krigen. Andre følte at det var deira plikt å hjelpa dei som var rundt dei. Det var vanskeleg for kvinner som var imot krigen å ha ei samla tilnærming i opposisjonen deira.
– Eitt år tidlegare var det ein revolusjon i Russland som føra til at russarane trakk seg frå krigen. Kor viktig var denne hendinga i å inspirera den tyske revolusjonen?
– Den russiske revolusjonen var svært viktig, fordi den gav inspirasjon til venstresideaktivistar i Tyskland. Russarane hadde vore oppfatta som den mest undertrykte gruppa i Europa. Dersom dei hadde vore i stand til å reisa seg og styrta tsaren, kvifor skulle ikkje tyskarane kunne gjera det same? Då den tyske revolusjonen fann stad, sat dei revolusjonære opp arbeidar- og soldatråd i liknande stil som “sovjeta” i Russland. På 1920-tallet fór mange tyske revolusjonære til Russland for hjelpa til med å etablera staten og ta med seg idéar tilbake til Tyskland.
– Kva var rolla åt det sosialdemokratiske partiet? Etter mi forståing gjekk dei frå å støtta krigsinnsatsen i starten til seinare å støtta avsettjinga av keisaren og kapitulasjonen som enda i fredsavtalen, men enda opp med å alliera seg med høgresidemilitsar mot dei revolusjonære. Korleis analysera dei situasjonen for å koma til desse konklusjonane?
– På trass av den tilsynelatande styrken og enorme folkestøtta bak anti-krigsstandpunktet deira heilt inntil slutten av juli i 1914, stemte SPD den 4 august for å finansiera krigen. Men betydde dette verkeleg at dei hadde forlate alle dei internasjonalistiske prinsippa sine? Nei: Internavstemminga om å godkjenna krigskredittane den 3 august var i sterk favør, men ikkje einstemmig (78 var for, 14 var imot red. mrk.), og ei lita, radikal gruppe innan partiet forma sporenstreks Internasjonale-gruppa, seinare kalla Spartakusligaen, som yta motstand mot dette standpunktet og publiserte ulovlege antikrigspamflettar under pseudonymet “Spartakus”. I 1917 braut denne gruppa ut for å forma USPD, som var ein stor aktør i å fremma revolusjonen i 1918/19. Det er mange moglege spørsmål å stilla ved SPD si støtte til krigskreditten, særskilt om ein annan taktikk kunne ha unngått krig eller i det minste dempa nokre av konsekvensane. Kunne drivkrafta åt massedemonstrasjonane for fred i juli ha vorte utnytta for å danna ein effektiv opposisjon? Vart arbeidarklassen forrådt av leiarane deira? Leiarskapet i SPD argumentera med at partiet ville ha vorte bannlyst dersom dei hadde forsøkt å gå imot krigen, og det finnast noko bevis som støtter dette.
Like før revolusjonen hadde SPD forsøkt å overtala keisaren til å abdisera slik at dei kunne forhandla om fred med USA sin president, Woodrow Wilson. Revolusjonen braut ut so fort og spreidde seg så snøgt at SPD ikkje var budde. I den offisielle avisa deira gav dei si støtte til det revolusjonære målet om fred, men mana gjentekne gongar om ro, og om at folket måtte venta på at forhandlingane deira med keisaren skulle virka. Revolusjonen haldt fram. Hæren si overkommando tilbaud si støtte til SPD dersom dei fekk behalda sin autoritet og kjempa imot dei revolusjonære frå venstresida. SPD gjekk med på dette, noko som føra til vald ettersom paramilitære og regjeringsstyrkar kjempa mot dei revolusjonære på gatene i Berlin i januar 1919 og i München i april 1919.
– Judith Orr skriv i boka si, “Marxism & Women’s Liberation”, om korleis den engelske suffragetterørsla var dela i den borgarlege fraksjonen leia av Emmeline Pankhurst som støtta krigen og fagorganisatoren Sylvia Pankhurst som gjorde heftig motstand mot krigen. Var dette ei felles deling langs klasseskilja i kvinnerørsla òg i andre land?
– I alle nasjonar, utanom Ungarn der den liberale kvinnerørsla klara å kombinera patriotisk krigsarbeid med eit anti-krigsstandpunkt, var kvinner som var involvera i kvinnerørsla nøydde til å velja mellom å støtta nasjonen sin eller å halda ved like si tilslutning til fred og internasjonalisme. Den overveldande majoriteten valde å støtta nasjonens krigsinnsats og suspendera internasjonale kontaktar. Dette var i alle fall tilfelle i Tyskland, og i Storbritannia var det òg eit skilje mellom dei som ville leggja til side ein kvar feministisk aksjon inntil krigen var slutt og dei som ynskja å støtta internasjonale forsøk på å enda krigen. 180 britiske kvinner ynskja å reise til Den Haag i 1915, men vart forhindra i å reisa. Berre 25 vart innvilga pass og desse var ute av stand til å reisa, fordi sjøfart var suspendera i kanalen. Til slutt var det berre 3 britiske kvinner som allereie var utanføre Storbritannia som deltok på kongressen. Organet i den Internasjonale Foreininga for Kvinners Stemmerett haldt fram med å publisera gjennom krigen og bar nyhende om kvinner i stridande og nøytrale land. Det rapportera frå Den Haag og somme kvinner fann dekninga av anti-krigssynspunkt upassande.
Så me ser at skiljet ikkje berre gjekk langs klasseskilje: mange arbeidarklassekvinner støtta krigen, i alle fall i byrjinga. På trass av dei store anti-krigsdemonstrasjonane i Storbritannia og Tyskland før krigserklæringa, var anti-krigssynspunkta ein upopulær minoritet i alle land etter krigsutbrotet. Det var i alle tilfelle vanskeleg å uttrykka anti-krigssynspunkt openlyst grunna sensur og undertrykking – dette var særskilt strengt i Tyskland og krigsmotstanden der gjekk for det meste udekt.
– Det var to fredskonferansar i Europa i 1915: Den Internasjonale Kvinnekongressen i Den Haag i Nederland som var samansett av pasifistisk orienterte kvinner, og Zimmerwald-konferansen i Sveits for den sosialistiske og kommunistiske arbeidarrørsla. Kva innverknad hadde dei, om nokon, på dei seinare anti-krigsrevolusjonane i Russland og Tyskland?
– Det var òg ein mindre, internasjonal kvinnekonferanse i Bern innkalla av Clara Zetkin. Skissemanifestet, skriven av Zetkin, bana veg for Zimmerwald-konferansen. Kvinner som var med på å distribuera det forbodne konferansemanifestet vart politisert, samt dei som las det, og det er bevis for at det òg vart lese av mange soldatar ved frontlinjene. Mange av desse kvinnene var ikkje pasifistiske i seg sjølv, men var imot krigen grunna dei øydeleggjande verknadane på arbeidarklassefamiliane. Denne analysen og kjensla av urett fòra uro – streikar, opptøyar for brød og demonstrasjonar – noko som gjorde det mogleg for revolusjonen å spreie seg så snøgt i oktober 1918.
Kvinnene på konferansen i Den Haag formulera eit nøkkelutsegn med krav som gjekk utover ein slutt på krigen og like rettar for kvinner og haldt fram aksjonane gjennom krigen. Kvinner slik som Heymann og Augspurg, som hadde organiserte konferansen og hadde vore framståande i anti-krigsaksjonar, hadde ein klar visjon for korleis dei ynskja at revolusjonen skulle forma etterkrigsverda langs linjene åt konferanseresolusjonane. Dei var i stand til å arbeida saman med Kurt Eisner i München for å realisera dei politiske målsetjingane sine, men vart forpurra av dei tidlege vala (januar 1919) og den valdelege undertrykkinga av revolusjonen i Bayern, samt nokre av dei tradisjonelle haldningane til politisk engasjera kvinner som haldt kvinnerepresentasjonen i styra og slutningstakande fora svært låg.
– Mange menneske, meg sjølv inkludert, fryktar at me står i ein liknande situasjon i dag som i 1914, med stormakter som rustar for krig utan nokon effektiv internasjonal rørsle til å setja til motverje. Kva kan kvinne- og fagrørsla i dag læra frå dei som var imot fyrste verdskrig og sidan lukkast i å få ein ende på den?
Ingrid: – Me kan læra mykje frå kvinnene som aksjonera for politiske rettar og som forma ein visjon for berekraftig fred fundera på sosial, økonomisk og kjønnsretta rettferd. Deira moralske standpunkt mot krigen kom ikkje ut or det blå – dei hadde aksjonera for likestillingsspørsmål sidan seint i det 19. hundreåret og for stemmeretten frå 1904. Erfaringa frå krigen og ustabiliteten i etterkrigssamanheng styrka og klargjorde faktisk førkrigs-tilslutninga til ein internasjonalistisk kultur innan kvinnerørsla, medan den auka politiske innflytinga deira i nasjonal og internasjonal politikk løfta kjensla deira eit moralsk ansvar for å beskytta den skjøre freden. Utviklinga av nye og skremmande våpen og krigsstrategiar som var retta mot sivilbefolkninga utfordra kjønnsdelinga som skilja menn frå kvinner, stridande frå ikkje-stridande. Spørsmål om krig og fred kunne ikkje lenger verta sett på som problem åtskilt frå kvinnesaka: i ei fiendtleg og trugande verd var det innstendig bruk for den førestilte fellesskapen av internasjonalt innstilte kvinner som ein modell for harmoniske relasjonar mellom nasjonar og ein plattform til å byggja varig fred. Endå analysen og aksjonane deira ikkje var nok til å hindra andre verdskrig kan me sjå at idéane deira gradvis vann fann fram på lang sikt, noko som kulminerte i UNSCR 1325, som vart vedteke i oktober 2000, som ifylgje FNs spesialrådgjevar for kjønn-spørsmål “stadfester den viktige rolla åt kvinner i førebygging og løysing av konfliktar, fredsforhandlingar, fredsbygging, fredsbevaring, humanitær respons og i oppbygginga etter konfliktar og understrekar betydninga av deira likeverdige deltaking og fulle involvering i alle tiltak for oppretthaldinga og fremminga av fred og sikkerheit.” (OSAGI “Landmark Resolution”)
Å hugsa kvinners anti-krigs- og revolusjonære aktivisme er viktig for aktivisme i dag, ettersom det gjev kvinner tilbake den radikale historia deira og minner oss på at politiske vinningar aldri har verte fråtatt dei mektige og privilegerte utan uttalt, organisera press og kollektiv aksjon, og at ingenting har verte vunne eller forsvara utan standhaftigheit, ofte over fleire tiår. Og det minner dei av oss som føler seg beleira i vår eigen nasjonale kontekst på at kvinnekamp har ein global dimensjon.
Corinne: – Revolusjonen fann stad fordi vanlege menneske tok til gatene og protesterte i store mengder. Regimet hadde vore undertrykkjande og fengsla mange anti-krigstalarar, men folket fann stadig nye måtar å samarbeida og dela informasjon. Dei var villige til å risikera livet for å stoppa krigen. For mange var denne motstanden mot staten ikkje ny; dei hadde vore aktive i internasjonale nettverk på førehand og til og med i løpet av krigen, når kommunikasjon var vanskeleg. Dei oppretthaldt desse forbindelsane etter krigen og for somme var dette byrjinga på ein internasjonal karriere innan politisk aktivisme. Dei møtte store vanskar og tok stor risiko. I dag er det mykje lettare å kommunisera med likesinna menneske verda over. Lik dei revolusjonære i 1918 kan me læra frå kvarandre, dela idéar og utfordra regjeringar.
For meg er det særskilt viktig å vedkjennast den rolla kvinner har hatt. Kvinner er ofte vist bort til den private sfære; verket deira er ikkje sett på som noko av nasjonal betydning, fordi den historiske forteljinga tenderar mot å fokusera på verket åt menn. Den tyske revolusjonen viser oss at kvinner har vore midt i sentrum av politiske hendingar. I vår verd er kvinner framleis ikkje likt representert i politikk eller i styre, og det er difor viktig å hugsa at kvinners stemme har noko å seie. Dei revolusjonære kvinnene i 1918 kjempa for at kvinner skulle ha ei stemme og verta representert på alle nivå i samfunnet, og me burde gjera det same i dag.





Legg igjen en kommentar