Intervju med Gabriel Kuhn
av Aslak Storaker. Artikkelen er frå 2011.
Gabriel Kuhn heldt foredrag om den tyske revolusjonen for organisasjonen Motmakt på Hausmania i Oslo i april 2011. Dette er eit intervju Sosialistisk Framtid gjorde med han i etterkant av foredraget.
– Sei gjerne litt om deg sjølv og kva som er din bakgrunn for å interessere deg for den tyske revolusjonen.
– Eg er fødd og oppvaksen i Austerrike og byrja å interessere meg for fridomsbasert sosialisme då eg var 16 år gammal og gikk på gymnaset. Seinare las eg filosofi og litteraturvitskap på universitetet. Eg skreiv ei avhandling om relasjonen mellom individualitet og kollektivitet og etter dette reiste eg rundt i ti år og var lenge i mellom anna Afrika og Oseania. Dei siste fire åra har eg budd i Stockholm og jobba som skribent og omsetjar. Interessa for den tyske revolusjonen kom gjennom interessa for fridomsbasert sosialisme. Dei to mest kjende og innverknadsrike tyske anarkistane, Gustav Landauer og Erich Mühsam, var begge aktive under revolusjonen og drivande krefter i den Bayerske rådsrepublikken i 1919. Eg er redaktør og omsetjar for tekstar av Landauer og Mühsam på engelsk (Gustav Landauer, Revolution and Other Writings, og Erich Mühsam, Liberating Society from the State and Other Writings) og blei også spurt om å setje saman ei bok på engelsk om den tyske revolusjonen allment; tanken var å samle tekstar frå dei radikalsosialistiske gruppene, altså Spartacusforbundet, syndikalistar og anarkistar. Det kravde sjølvsagt eit nøye studium av perioden. Boka skal kome ut neste år med tittelen All Power to the Councils! A Documentary History of the German Revolution of 1918-1919.
– Kan du fortelje oss litt om den tyske revolusjonen: Når, kvar og korleis den gikk for seg, og kva slags politiske grupper som var drivkreftene mellom dei revolusjonære og dei reaksjonære. Var det ein spontan eller planlagt oppstand?
– Når ein pratar om den tyske revolusjonen så meinar ein perioden frå november 1918 til midten av 1919. I byrjinga av november 1918 revolterte soldatar og arbeidarar i Tyskland då det blei openbart at Tyskland skulle tape den første verdskrigen. Folk kjende seg lurte, skuffa og arge i høve til regimet. Keisaren vart tvinga til å gå av. Revolten var ikkje planlagt; den tyske revolusjonen er eit paradeeksempel for eit historisk moment då massane har fått nok og seier at «det held». Det fans ingen leiarar eller styrande organisasjonar. Alle var like overraska, inklusive dei radikale sosialistane. Kanskje var det ein grunn til kaoset som følgde. Den 9. november 1918 blei det proklamert to «nye Tyskland» på ein og same dag: sosialdemokratane erklærte den «tyske republikken» medan Karl Liebknecht frå Spartacusforbundet erklærte den «sosialistiske tyske republikken». Sosialdemokratane ville innføre borgarlig parlamentarisme. Liebknecht og andre radikale sosialistar ville innføre eit direktedemokratisk system med råd av soldatar, arbeidarar og bønder som grunnlag. Konflikten leidde til ein innbyrdeskrigsaktig situasjon i fleire månader. Knusinga av den Bayerske rådsrepublikken 1. mai 1919 kan sjåast som sosialdemokratane sin endelige siger. Under konflikten hadde dei brukt mykje militær vald og også rekruttert einingar av reaksjonære soldatar som dei ukjende Freikorps. Desse fakta har skapt mykje illvilje blant radikale sosialistar i Tyskland som sosialdemokratane blir ramma av også i dag. Resultatet av sosialdemokratane sin siger var den veldig ustabile Weimar-republikken som førte til nazistane si maktovertaking på 1930-talet.
– Kva var programmet til dei revolusjonære, og korleis fungerte samarbeidet mellom dei ulike revolusjonære grupperingane? Korfor valde sosialdemokratane å kjempe mot revolusjonen?
– Det fans ikkje noko eigentleg program. Alt hende aldeles for snøgt. Parolen til dei radikale sosialistane var «Alle Macht den Räten!», altså «All makt till råda!», men korleis det eksakt skulle skje visste ingen. Derimot hende mykje på det praktiske planet. Det blei snøgt danna råd i fabrikkar, blant yrkesgrupper og i soldateiningar som returnerte frå krigen. Sosialdemokratane forsøkte likevel å integrere rådsystemet i den parlamentariske modellen. Rådsideen var så populær at dei var nøydde å tileigne seg den. Derfor oppmuntra dei folk til å danne råd medan dei samtidig underminerte den politiske makta til råda. Makta skulle bli liggande hos dei politiske partia, framfor alt deira eige. Framferda til sosialdemokratane skapte mykje forvirring og også folk med direktedemokratiske prinsipp trudde at sosialdemokratane var på deira side.
Dei viktigaste gruppene blant dei radikale sosialistane var Spartacusforbundet (som blei Tysklands kommunistiske parti den 1. januar 1919) med Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg i spissen, dei såkalla «Revolusjonære Obleute» (omlag «revolusjonære ombodsmenn») som var syndikalistisk orienterte representantar frå arbeidarrørsla og einskilde anarkistar som Landauer og Mühsam. Samarbeidet gikk sånn passe. Ein var solidarisk når det gjaldt kampen mot både dei reaksjonære og sosialdemokratane men det fans store skilnadar i dei politiske ideane. Landauer tykte eksempelvis at Spartacus-gjengen var alt for autoritær.
Sosialdemokratiet kjempa mot dei radikalsosialistiske kreftene fordi det ville ha makta sjølv. Det fans sikkert velmeinande sosialdemokratar som verkelig var overtydde om at den sosialdemokratiske modellen var nødvendig for å etablere demokrati i Tyskland. Dei trudde at dei radikale sosialistane skulle utsette revolusjonen for fare då dei både mangla støtte blant befolkninga og styrke til å avverje dei forventa angrepa frå dei reaksjonære (og dei kom, eksempelvis med Kappkuppet 1920). Trass i dette kan den sosialdemokratiske partileiinga sin harde innsats mot radikalsosialistiske grupper og samarbeidet med reaksjonære krefter innanfor militæret knappast forsvarast.
– Kva var årsakene til at den tyske revolusjonen først braut ut like før krigen var over? Dei revolusjonære var vel innbitne motstandarar av krigen?
– Det fins mange grunnar for at den russiske historia skilde seg frå den tyske. Situasjonane var ganske enkelt veldig forskjellige. I alle fall var den revolusjonære rørsla i Tyskland under krigen langt frå like sterk som i Russland. Det fans brei støtte for krigen i befolkninga. Det er sant at Spartacusforbundet, syndikalistar og anarkistar agiterte mot krigen allereie før 1918, men dei var ikkje særskilt framgangsrike. Som eg sa tidlegare så trur eg den spontane revolten som kom på slutten av 1918 bygde på frustrasjon og vreide, ikkje på revolusjonært medvit. Det bidrog antakelig også til korleis revolusjonen utvikla seg.
– Kva klasser og grupper i samfunnet støtta revolusjonen, og kven var i mot? Korfor lukkast ikkje revolusjonsforsøket?
– Mi kjensle er at det var ei brei blanding av folk som støtta revolusjonen. Det er umulig å fokusere på ei spesiell gruppe eller klasse. Arbeidarar spelte ei viktig rolle sjølvsagt, men det fans også intellektuelle, kunstnarar og bønder som var djupt innblanda. Praktisk tala alle sosiale grupper var like splitta. Blant soldatane fans det eksempelvis visse som støtta revolusjonen kompromisslaust medan andre forsvarte dei reaksjonære sine interesser.
Hovudgrunnen til at revolusjonen ikkje leidde til sosialisme var vel at støtta blant befolkninga ikkje var tilstrekkelig sterk. Mange arbeidarar stolte på sosialdemokratane. Det fans ein stor skuffelse blant radikale sosialistar over at massane klaga mykje utan å vera budde til å ta dei riskane som kampen for den verkelige sosialismen kravde. Sosialdemokratane si skruppellause framferd spelte også ei stor rolle sjølvsagt.
– Ideen om rådsrepublikken var grunnleggande for både den tyske og den russiske revolusjonen. Sett i ettertid er det ikkje innlysande at det skulle bli det representative demokratiet og ikkje det revolusjonære direkte demokratiet som skulle bli den rådande styreforma i Vest-Europa. Er det grunn til å tru at tyskarane ville ha utvikla rådsdemokratiet på en betre måte enn det som etter kvart skjedde i Sovjetunionen?
– Det er veldig vanskelig å seie. Ein må legge på minnet att dei fleste tyske revolusjonære såg Russland som eit førebilete i 1918, inklusive anarkistar som Erich Mühsam. Samtidig fans det allereie kritiske røyster mot leiinga til Bolsjevikane, spesielt Rosa Luxemburg. Forventingane til dei tyske revolusjonære skilde seg sikkert frå den russiske realiteten. Det fans antakelig knapt nokon radikal sosialist i Tyskland som knytte sine forhåpningar til eit utrulig stort byråkratisk apparat og ein enorm maktkonsentrasjon i eit enkelt politisk parti. Men det hadde antakelig funnest mange Bolsjevikar som ikkje knytte sine forhåpningar til dette frå byrjinga heller. Skulle alt ha gått ideelt kunne den tyske revolusjonen sikkert ha tatt eit større steg mot direkte demokrati og fridomsbasert sosialisme enn den russiske, men i dag er alt dette berre spekulasjon. Det hadde likevel vore moro om dei tyske revolusjonære i det minste hadde fått sjansen til å setta sitt preg på Tysklands politiske utvikling.
– I kva grad fikk rådsdemokratiet praktisk erfaring som styringsorgan under den tyske revolusjonen? Korleis var dei organisert, og fungerte dei effektivt og demokratisk?
– På slutten av 1918 og byrjinga av 1919 blei det danna tusentals råd i Tyskland. Det fans altså mykje erfaring. Problemet var likevel at råda hadde veldig ulike føresetnadar. Nokre sørgde verkelig for at arbeidarane tok kontroll over arbeidsplassane sine, medan andre var berre kosmetiske sosialdemokratiske gestar. Det viste seg også i organisasjonsformene: visse råd blei valde av alle arbeidarar i eksempelvis en fabrikk; andre råd blei oppnemnde av nokre individ som hevda å representere folkemassar dei aldri hadde hatt kontakt med. Det fans to «Allmenne riksrådskongressar» i Berlin, den første i desember 1918, den andre i april 1919. Det er interessant å lese rapportane. Under den første kongressen fans det mykje håp og optimisme medan den andre var prega av tvil og uvisse. Ettersom mange råd berre fans på papiret mista folk raskt trua på at dei verkelig kunne bidra til ei positiv samfunnsendring. Taktikken til sosialdemokratane hadde fungert veldig bra. Dessverre.
– Korleis har konseptet med rådsdemokrati blitt utvikla vidare seinare, andre stader i verda, i teori og praksis?
– Ideen om rådsdemokrati døydde aldri og det fins rådsdemokratiske grupper framleis i dag, også i Tyskland. Ideen har blitt teken opp – medvite eller umedvite – i revolusjonære rørsler frå Jugoslavia via Kina till Argentina. Teoretisk blei ideen utvikla kanskje sterkast av Cornelius Castoriadis og den franske Socialisme ou Barbarie-gruppa på 1960-talet. Men eg trur ikkje at det er teorien som er mest spennande med rådsideen, men derimot dei sentrale verdiane den inneber: sjølvorganisasjon og sjølvstyre.
– Trur du ideen om rådsdemokrati også i dag kan være eit konsept som kan sameine kommunistar, anarkistar og andre revolusjonære på venstresida, slik den gjorde under den tyske revolusjonen?
– Ja, det trur eg faktisk. I det minste fridomsretta kommunistar og sosiale anarkistar burde kunna sameinast kring den ideen. Så fins det kanskje ulika førestillingar om korleis ein revolusjonær situasjon blir skapt og om kva rolle politiske organisasjonar burde spele i den osv., men det felles målet er likt og det er ei bra byrjing for eit fruktbart samarbeid – og det trengs om vi vil at radikalsosialistiske idear i det heile skal ha nokon innverknad på samfunnsdebatten.
– Kva rolle ser du for deg at rådsdemokratiet kan spele i eit framtidig sosialistisk samfunn? Korleis vil dei kunne organiserast, kva myndigheitsområde vil dei kunne ha, og vil dei fungere som supplement til, eller erstatning for, det noverande systemet med representativt demokrati? Vil dei bli organisert i forhold til arbeidsplassar, bustad eller anna?
– Ideelt pratar vi sikkert om ei erstatning. Som supplement har jo rådsideen blitt integrert i den borgarlige parlamentarismen, i det minste i land med ein sterk sosialdemokratisk tradisjon. I Austerrike eksempelvis fins veldig mange råd, spesielt på arbeidsplassar. Dei er verdifulle men ikkje på nokon måte revolusjonære. Snarare har dei blitt eit klassisk eksempel på ein inkluderande reformpolitikk. Ideelt skulle råd også bli danna i alle delar av samfunnet: arbeidsplassar, bustadsområde, skular, yrkesgrupper, idrettslag m.m. Eg tykkjer at det er utrulig viktig å halda fast på ideal. Om vi kan nå dei er eit anna spørsmål, men om vi ikkje eingong prøvar så kan vi lika gjerne droppe revolusjonær politikk då den elles berre blir retorisk.
Eg trur på muligheita til å realisere eit rådssystem. Det som trengs er at kvart individ ser seg sjølve som ei aktiv kraft i skapinga av dei politiske strukturar som bestemmer vårt liv. I dag er apatien kanskje sosialismens sterkaste fiende. Kapitalismen sjølv er i permanent krise. Men det trengs ein personlig innsats for å frambringe den betre verda mange drøymer om. Det gjeld også for venstreaktivistar som ofte prioriterar å klage over å vere verksame. I denne samanhengen er det alltid viktig å sjå på historia og la seg inspirere av revolusjonære innsatsar i dåtida – sjølv om dei misslukkast som i Tyskland 1918-19.





Legg igjen en kommentar