Føredrag heldt på Wahl-konferansen 28.11.18

av Nina Björk

Takk for innbydinga. I dag skal eg tale om den stoda den breie venstresida har hamna i, nemleg den stoda der venstresida i fremste rad ikkje interesserer seg for økonomi, klasse, materielle føresetnader og produksjonsmåte, men heller analyserer og interesserer seg for privilegium og makt knytte til visse identitetar og diskriminering og fattigdom knytte til andre identitetar. Me har hamna i ein situasjon der den breie venstresida interesserer seg meir for og analyserer spørsmål som representasjon, medvit, språkbruk og normer og verdiar. Denne situasjonen plar me kalle «identitetspolitikk», men sjølve omgrepet har vorte ulukkeleg ettersom dei som kjem med identitetspolitiske meiningar ikkje lenger sjølv vil nytte omgrepet på haldninga si. «Identitetspolitikk» har vorte eit skjellsord. Men ikkje heng dykk opp i sjølve ordet, eller kall det kva som helst; sjølve fenomenet eksisterer uavhengig av kva me vel å kalle det. Innom venstresida kranglar me om det, og utanfor har «identitetspolitikk» i høg grad vorte det folk forbind oss med.

Arbeid og kapital

Utgangspunktet mitt til det heile er som følgjer; om me vil ha ein radikal politikk i ordet si rette meining, altså ein politikk som går til rota, må me endre den grunnleggjande strukturen i samfunnet. Då må me jo fyrst vite og verte samde om kva den grunnleggjande strukturen er. Eg meiner at det det er vårt økonomiske system, det vil seie kapitalismen. Det inneber at eg ikkje meiner den grunnleggjande strukturen for samfunnet vårt er rasismen, sexismen eller heteronorma.

Om ein har denne meininga, det vil seie om ein er marxist, er det altså naudsynt å forstå kva kapitalismen er og kva han krev. Sjølve ordet har komme attende som omgrep; «kapitalisme» er no eit ord som vert nytta i det ålmenne ordskiftet, mykje oftare no enn for berre 20-30 år sidan. Forvirring rår rett nok kring ordet; kva er kapitalisme? Er det ein ideologi? Er det eit sett av normer og verdiar? Handlar det om grådigheit? Eller handlar det om fridom? Eg trur det er viktig at me hugsar på at kapitalismen i fyrste rad er ein produksjonsmåte, altså måten menneske i eit samfunn sysselset seg, måten menneske overlever. Ein produksjonsmåte handlar om etter kva for prinsipp eit samfunn avgjer kva for arbeidsoppgåver som skal gjerast og korleis ein deler meirverdien av dette arbeidet.

Gjennom historia har me sett andre produksjonsmåtar enn den noverande. Me har levd under føydalsamfunn, slavesamfunn, sjølvforsytingssamfunn – alle døme på ulike produksjonsmåtar. Og i dag lever me altså av og med kapitalismen. Denne produksjonsmåten byggjer på at nokon eig kapital, verksemder og produksjonsmiddel. Produksjonsmiddel er dei verktøya, lokala, maskinar og andre reiskapar ein treng for å utføre eit arbeid. Og at andre berre har si eiga arbeidsevne å selje. Denne arbeidsevna sel hen til kapitalisten, verksemdseigaren, entreprenøren. Då får arbeidaren ei løn hen kan kjøpe varar hen treng for. Og kapitalisten, verksemdseigaren, entreprenøren får ein vinst. Og det er denne vinsten som er formålet med produksjonen. Det er jakta på denne som avgjer kva me arbeider med.

Og voila; der har me formelen for den kapitalistiske produksjonsmåten; vareproduksjon for ein marknad der formålet er å oppnå profitt og der produksjonsmidla er i privat og ikkje felles eige.

Eg er marxist av den enkle grunnen at eg meiner marxismen har gjeve meg dei beste reiskapane for å forstå den kapitalistiske verda me lever i. Eg meiner at me treng den marxistiske teorien for at me skal kunne orientere oss, ha ei retning i kampen vår, vite dei verkelege motsetnadene i samfunnet og for å kjempe mot dei rette motstandarane.

Når marxismen vert tona ned i ventrerørslene i dag, meiner eg det har nokre ulukkelege følgjer. Fremst inneber det to saker. Nemleg 1) At me risikerer å kjempe mot symptom i staden for årsaker. Når til dømes rasismen veks seg sterk, har venstresida ein tendens til å fordømme moralsk det dei kallar «vonde krefter» i staden for å sjå på dei bakomliggjande økonomiske årsakene og vanlege folk sin rett til å politisk styre økonomien. Og 2) At me risikerer å verte idealistiske, det vil seie å tru det er tankar, normer, idear og ideologiar som styrer samfunnsutviklinga og ikkje sjølve produksjonsmåten. For å tale marxistisk; venstresida reagerer på overbygnaden og ikkje den økonomiske basen. Dermed vert venstresida mindre systemkritisk og meir liberal.

I den marxistiske teorien ligg den grunnleggjande konflikten i samfunnet mellom dei som eig kapital og kan leve på andre sitt arbeid på den eine sida, og folk som ikkje har andre ting enn eiga arbeidsevne å selje i ein marknad på den andre sida. Det vil seie at den grunnleggjande konflikten er ein klassekonflikt. Ein slik marxistisk analyse møter motstand i dag, sjølvsagt frå høgresida, men også frå breie lag av venstresida der somme meiner at slik analyse ser bort i frå korleis arbeidarklassen ser ut i dag. Arbeidarklassen består av, seier nokre, og det har dei sjølvsagt heilt rett i, kvinner, utlendingar, homoseksuelle og absolutt ikkje berre, som dei meiner at me marxistar meiner, kvite, heterofile menn. I ein marxistisk analyse er det uinteressant kva for «identitetar» arbeidarklassen består av. Arbeidarklassen er ein plass i produksjonen. Skuldinga frå identitetspolitisk hald om at marxistar blundar for korleis arbeidarklassen ser ut, kva for identitetar han byggjer på, den skuldinga fortel at me ikkje eingong er samde om kva me er usamde om.

Identitetspolitikk og interseksjonalisme

Eg vil no kritisere nokre berande tankar i venstrerørsla som me kan kalle den identitetspolitiske eller den rettsbaserte eller den maktkritiske.

Eg byrjar med omgrepet interseksjonell, eit ord som er populært innanfor den breie venstresida i dag. Ein interseksjonell analyse er ein analyse der ein meiner at ulike underordningar og undertrykkingar samspelar, forsterkar eller motarbeider kvarandre, og der ein ikkje ser noko meining i å sjå etter ulike årsaker for ulike under- og overordningar, men der ein meiner at dei har eitt og same utspring. Innanfor den identitetspolitiske venstresida er det vanleg å kalle dette utspringet for kapitalisme, same kva slags undertrykking det er tale om.

Eg skal berre gjeve eit døme på korleis denne analysen kan låte, det kjem frå ein artikkel i det amerikanske tidsskriftet Left Voice og er skriven av ein mann som heiter Albert L. Terry som reknar seg sjølv for å vere sosialist. Det står «Kapitalismen er eit rasistisk, misogynt, cisnormativt, heteronormativt system». (Veit de kva eit cisnormativt system er?) Ei skildring som me kjenner att, ei skildring der alt som er dårleg spring ut av kapitalismen.

Kva er problemet med denne skildringa? Er eg ikkje med om at samfunnet vårt er rasistisk, misogynt, cisnormativt og heteronormativt? Jau, det vil eg seie at eg i stor grad er. Men eg er ikkje med på at alle desse samfunnsdraga er eit resultat av kapitalismen åleine. Kvinneundertrykking i dag, har han rot i kapitalismen?

Historisk sett kan me slå fast at kapitalistar aldri har hatt noko imot kvinneleg arbeidskraft. Kapitalistar er berre opptekne av ein ting; profitt. Og profitten kjem frå det arbeidet lønsarbeidaren gjer. Korleis kan me vite det? Ja, det veit me eigentleg heilt enkelt ut i frå faktumet at kapitaleigaren kjøper arbeidskraft. Kvifor gjer hen det? Om du kjøper nokon for at hen skal arbeide for deg, må du betale hen ei løn. Om løna er like stor som verdien arbeidaren skaper, har ikkje kapitalisten tent noko. Om det skal kunne vere noka meining i å kjøpe arbeidskraft må det vere lønsamt. Altså betaler du mindre i løn enn verdien arbeidet generer. Difor treng kapitalismen lønsarbeidet for profitt, og om arbeidarene er menn eller kvinner speler inga rolle.

Kapitalistar er faktisk ikkje interesserte i å berre ha kvinner utanfor arbeidsmarknaden, dei vil ikkje ha eit samfunn av husmødrer.

Tvert om, di fleire ting som kan verte gjort til marknadstransaksjonar di betre er det. I det økonomiske systemet vårt er det betre om matlaging, husstell, fødselsdagar, og liknande vert «varifisert», altså gjort til ein vare ein kan kjøpe i ein marknad. Betre enn at ei husmor gjer alle desse oppgåvene gratis er det om ein lønsarbeidar gjer dei på ein arbeidsmarknad for ein arbeidskjøpar som kan få profitt.

Eg hevdar at den kapitalistiske produksjonsmåten ikkje krev undertrykking av kvinner eller eit patriarkat for å overleve. Det einaste det krev er to klassar, dei som eig produksjonsmiddel, og dei som ikkje gjer det.

Lat meg gjere eit eksperiment som syner at eg har rett; sjå føre dykk at Noreg i morgon vart eit heilt jamstilt land, kvinner og menn eigde like mykje, tente det same, nytta like mykje tid med borna sine og lønsarbeidde like mykje. Skulle kapitalismen då berre forsvinne? Skulle vareproduksjonen der einaste formål er profitt då forsvinne? Nei, det går særs godt å tenkje seg at alt skulle gå føre seg som vanleg, berre med skilnaden at den vesle gruppa som eig kapital får fleire kvinner og færre menn. Vareproduksjon for å oppnå profitt, der fruktene av alle sitt arbeid vert konsentrert på nokre få hender, kjem ikkje an på kva for menneske eller identitetar som undertrykker.

Lat oss halde fram med eksperimentet, sjå føre dykk at Noreg i morgon vart eit heilt jamstilt land, sjå føre dykk at det ikkje var dei ulike vilkåra for kjønn men vilkåra for klasse som forsvann, kva ville hende då? Ja det går ikkje eingong å tenkje seg ettersom klassar ikkje kan verte jamstilte utan samstundes å forsvinne. Klassar vert skapte og definerte av ujamnleik i eigartilhøve og forsvinn i same augneblink som denne ujamnleiken forsvinn.

Det er underleg at det i ei tid då ingenting er meir populært i radikale krinsar å tale om «den sosiale konstruksjonen» av… ja, av alt, av klasse, kjønn, etnisitet, seksualitet, og så bortetter blundar ein likevel for særstillinga som klasse tek inn i eigenskap av å vere verkeleg berre ein sosial konstruksjon. Eg meiner; sjølv om me ikkje levde i eit sexistisk eller rasistisk samfunn ville det framleis vere skilnad på kjønnsorgan og hudfarge. Det treng ikkje få nokre konsekvensar når det gjeld makt og rettar eller normer. Ulik utsjånad ville framleis eksistere. Om me ikkje levde i eit klassesamfunn ville ingen klassar eksistere; det finst ingenting utanfor den sosiale konstruksjonen av dei, det er sjølve samfunnstilhøva som skaper dei.

Ein sosialist reknar det som urettferdig at fruktene av dei mange sitt arbeid hamnar i hendene på dei få som eig. Hen vil difor avskaffe klassesamfunnet som betyr at hen vil avskaffe klassane. Om me tenkjer slik ser me også at målet for klassekampen skil seg frå den feministiske eller anti-rasistiske kampen. Målet for dei kampane kan ikkje vere å jamne ut kjønnsorgan, seksualitetar eller hudfargar. Målet for klassekampen derimot, er å jamne ut den sosiale konstruksjonen klassar.

Det eg vil ha sagt med det her er at klasse har eit materielt grunnlag og ein naudsynt base i den kapitalistiske produksjonsmåten som ikkje kjønn, seksualitet, etnisitet eller andre identitetar ikkje har. Og når eg seier at det i ein kapitalistisk produksjonsmåte så er klasse ein meir grunnleggjande kategori enn kjønn, seksualitet eller etnisitet så er det berre det eg seier. Eg seier ikkje at klasse er den mest avgjerande kategorien i det konkrete livet til eit individ, at det er dette som er det viktigaste i eit individ sitt liv. At klasse har ei særstilling på grunn av den kategorien som utgjer føresetnadene for sjølve den kapitalistiske produksjonsmåten, som kjønn ikkje gjer, inneber ikkje at klasse for einskildmennesket må kjennest som det mest avgjerande i livet.

Me lyt her, som så ofte, skilje på eit analytisk og eit skildrande nivå. Me kan ha analysar og teoriar om korleis kapitalismen er bygd opp og vert reprodusert, som marxismen har, men teorien svarer ikkje på spørsmålet om korleis einskildmennesket kjenner det på kroppen. Det teoriar vil er jo ikkje å forstå korleis ting kjennest ut, men kva som er årsaka til noko, dei vil bidra til analysen av noko. Samstundes er det sjølvsagt sånn at det kapitalistiske samfunnet i det levande livet aldri møter oss som ein teori. Det møter oss som ein praksis, som ei røynsle og som såleis er myldrande, komplekst og ulikt frå menneske til menneske. Teori er ei linse me set i auga for å kunne gripe dette, for å oppdage system. Det er formålet med ein teori, å vere reduserande for å oppnå klarskap, formålet med ein teori er ikkje å forklare eit einskildmenneske sine røynsler i eit heilt liv.

Den marxistiske teorien gjev ei særstilling til omgrepet klasse og dermed gjev sosialistar også klassekampen ei særstilling. Den interseksjonelle teorien gjev derimot ingen særstilling til omgrepet klasse, men plasserer klasse på line med kjønn, seksualitet, funksjonalitet (om ein har funksjonshemming eller ikkje), og den kampen dei set i forgrunnen er at alle ulike grupper skal verte representerte.

Dette står til dømes i partiprogrammet til FI (Feministiskt initiativ) frå 2015, eit parti som har samla mange på den breie venstresida og til og med ein del sosialliberalarar: «Målet for den feministiske politikken er å skape eit samfunn der alle menneske kan utvikle sitt fulle potensial i eit jamstilt samspel med andre uavhengig av kjønn, seksuell legning, klasse, tru, religion, kjønnsuttrykk, alder eller statsborgarskap. For å nå måla våre må me setje antidiskrimineringa i fokus for det politiske arbeidet».

I ein sånn interseksjonell analyse vert altså klasse altså noko som kan vere diskriminerande for einskildmenneske på same måte som kjønn eller hudfarge. Passar det? I Nationalencyklopedin vert diskriminering definert som «særhandsaming av individ eller grupper», om urettferdigheit. Ein kan lett tenkje seg døme der nokre vert handsama ulikt grunna kjønn, hudfarge eller seksuell legning, men faktisk ikkje når det kjem til klasse. Ein person frå arbeidarklassen kan ikkje komme til eit diskrimineringsombod og seie «sjå her, eg er særhandsama, eg er utsett for urettferdigheit for eg eig ingen produksjonsmiddel og må difor berre akseptere den eigande klassen sine vilkår om eg vil forsyte meg sjølv». «Jaha», ville diskrimineringsombodet seie, «so what?». Dette vert på ingen måte sett på som urettferdig i eit kapitalistisk samfunn, heller som ein grunnleggjande føresetnad for det. Ein kan ikkje bruke nokon form for antidiskrimineringspolitikk her. Klasse byggjer ikkje på eller oppstår gjennom fordommar mot eller syn på arbeidere, slik som for eksempel rasisme byggjer på fordommar mot eller syn på innvandrarar.

Betyr dette at det ikkje finst fordommar mot arbeidarar men berre mot kvinner, utlendingar eller homoseksuelle? Nei, det gjer det ikkje. Men når me byrjar prate om fordommar har me rørt oss bort frå basen, frå den kapitalistiske produksjonsmåten til overbygnaden, der det som hender i basen skal verte legitimert. Me er då på eit anna plan enn det reint materielle. Det finst fordommar, legitimerande ideologiar, livssyn og idear. Og det finst til og med ein ide om at arbeidarar er litt treige i knollen og dummare di dårlegare jobb dei har, at arbeidar ikkje har driv og framdrift, at dei har dårleg smak, stygge klede, stygge heimar, at dei fer på campingferie der dei drikk seg dritings på billeg pappvin. Det finst eit namn for det her biletet på arbeidarar. Det plar verte kalla «klassisme» og vert nytta av identitetspolitikktilhengjarar som meiner det svarer til sexisme retta mot kvinner og rasisme retta mot utlendingar eller heterosexisme retta mot homoseksuelle. Då ein byrja nytte ordet for nokre år sidan, tenkte eg berre: Nei, ikkje bruk det ordet! Og den reaksjonen syner korleis ein sjeldan tenkjer heilt sjølvstendig, om samtala om klasse hadde vore annleis hadde eg kan hende ønskt omgrepet velkomen. Eg ser trongen til å motarbeide fordommar og nedvurderingar av arbeidarklassen; eg ser jo at det finst ein klassisme på same måte som det finst rasisme og sexisme i samfunnet. Likevel; nei! Det her er idealisme, det her byggjer berre på tankar, normer og andre ting som er årsak til undertrykking. Og slike idealistiske tankar er om lag det einaste venstresida har i dag.

Frå identitetspolitisk hald kan det høyrast slik ut, og eg siterer frå ein artikkel av skribent som heiter Aleksa Lundberg og titt skriv på ei venstreside på verdsveven kalla Politism: «Med eigne ord vil eg seie at all undertrykking spring ut i frå normbiletet av mennesket som ein kvit, heteroseksuell, ciskjønna, rik mann utan funksjonsnedsetting».

Omgrepet klassisme risikerer å hamne i akkurat den same tanken om normbilete som det avgjerande for all undertrykking. Det får ei rad følgjer 1) Klasse mister sitt materialistiske innhald og vert i staden eit spørsmål om haldningar og smak. 2) Om klasseomgrepet vert endra, kjem det også til å endre kva det vil seie å vere venstreorientert. For om me ser på klasse som eit sett av normer der nokre normer vert sett på som betre enn andre, mister analysen av klassesamfunnet krafta si. Å vere venstre vert då å ikkje gå med på dette hierarkiet. «Eg er venstre av di eg ikkje ser ned på folk som ikkje har ekte kunst på veggane og som reiser på campingferie». 3) Resultatet av dette vert i sin tur at løysinga på klassesamfunnet vert å like alle, alle dyr i Gud sin hage og at alle dyra er like mykje verdt. Sluttsatsen vert at om me ikkje hadde hatt visse normer som gjer at me ser ned på arbeidarklassen ville me heller ikkje hatt fordommar mot arbeidarklassen. Og 4) utopien vår om at arbeidarklassen skal halde fram å eksistere, men at det skal vere like fint å vere arbeidarklasse som overklasse.

Men kom igjen! Målet til sosialismen har aldri vore å oppvurdere arbeidarklassa, men heller jamne han ut. Det krev at den materielle basen i klassesamfunnet vert oppheva, det vil seie at tilhøvet der nokon må selje arbeidskrafta si vert oppheva. «Ned med lønsarbeidet», som var slagordet til Den andre internasjonale! Ikkje ned med biletet av lønsarbeidarane.

Sosialisme og liberalisme

Om ein, som eg har gjort, stiller marxisme opp mot identitetspolitikk møter ein somme tider argumentet om at til og med arbeidar er ein identitet og at arbeidarklasse dermed er eit identitetspolitisk omgrep. Og ja, arbeidar kan absolutt vere ein identitet, det er det til dømes når Marx tala om «ein klasse for seg» og meinte at medvitne arbeidarar som kjende plassen sin i interessefellesskapet arbeidarklassen var ein god ting. Men arbeidar er aldri berre ein identitet. Det er ein plass i produksjonen, den plassen i produksjonen der ein som ikkje eig produksjonsmiddel sel arbeidskrafta si i ein marknad, og der nokon andre haustar fruktene av arbeidet til hen. Dette er posisjonen til ein lønsarbeidar, same om det gjeld kvinner, menn, innvandrar eller innfødd, heterofil eller homoseksuell person. Det er altså ein plass, ein posisjon direkte relatert til den kapitalistiske produksjonsmåten, ein materielt fundert posisjon. Ein slik posisjon eksisterer ikkje for identitetane kvinne, utlending eller homoseksuell. Slike identitetar vert skapte, om dei vert skapte, andre stader enn i produksjonen.

Og akkurat derfor er det viktig at andre kampar vert førte samstundes med den anti-kapitalistiske sosialistiske eller den meir reformretta klassekampen: anti-rasistisk kamp, kvinnekamp, retten til å elske kven ein vil. Dette er absolutt ikkje uviktige kampar! Ein må føre desse heile tida. Dei har dessutan eit monaleg mykje større potensial til å gå fram i eit kapitalistisk samfunn enn det den systemkritiske klassekampen har. Ta til dømes LHBT-kampen, den har gjort det mykje lettare å leve som homofilt menneske i Sverige i dag enn kva det var for 40 år sidan. Det er ein enorm skilnad. Identitets-, norm- og diskrimineringskampane har vore framgangsrike, men ein av grunnane til dette er at dei ikkje går til åtak på sjølve basen i samfunnssystemet vårt. Ein kan nemleg oppnå målet for slike kampar i det nåverande systemet vårt. Og dei har heller ikkje nokon automatisk slutt om me får ein annan produksjonsmåte. Heilt enkelt er det ulike kampar.

Det er ikkje sosialistisk å ta del i ein Pride-parade. Det er det einaste eg seier. Ikkje dermed sagt at Pride-paradar er dårlege, uviktige eller noko sosialistar ikkje bør ta del i.

Høgresida i Sverige har forstått at det ikkje er sosialistisk å ta del i Pride-demonstrasjonar. Jamvel det kristendemokratiske partiet har innsett det. Difor seier dei «me vil også vere med, me har endra oss, me meiner også at HLBT-spørsmål er viktige». Då seier delar av venstresida «me vil ikkje ha dykk med, for de er høgre og dette er ein anti-kapitalistisk kamp». Dette syner at høgresida forstår meir enn kva denne delen av venstresida har. Dei som liksom vil vere superradikale. Det vil eg og. Og difor er eg sosialist, men det er ein annan kamp. Om høgresida ville vere med i ein parade for å sosialisere produksjonsmiddel skulle eg verkeleg ha ønskt dei velkomen. Men det finst ein grunn til at dei ikkje vil det.

No skal eg slutte. Alt eg har sagt har eg sagt av di eg vil at venstresida framleis skal vere sosialistisk, og ikkje verte liberal. Ikkje av di dei liberale alltid tek feil, det gjer dei ikkje, men av di liberalistar ikkje vil endre samfunnet i grunnen som sosialistar vil. Og då må me verne om forståinga av kva dette «grunnen» eigentleg er!

Legg igjen en kommentar

Trending