av Svein Lund
Sápmi. Berre ved å bruke dette ordet har eg truleg allereie provosert ei rekke potensielle lesarar. Nokre vil derfor slutte å lese her, andre vil halde fram for å sende hissige innlegg om at ein med å skrive Sápmi går inn for samisk stat med tilhørande etnisk utreinsking av alle nordmenn og andre ikkje-samar. Lappland, Laponia og Finnmark derimot, gir sjølv om det eigentleg betyr det same, heilt andre assosiasjonar. Er det enno i 2021 provoserande å omtale eit område på folket sine eige språk? For ikkje å snakke om å hevde at det finst norsk kolonialisme i nord.
Mens ordet Sápmi er så godt som fråverande i offisielle dokument frå norske styresmakter, finn vi ei rekke omtalar av «samiske område» eller «samiske distrikt». Men kva er «samiske område»? Alt etter kven som skriv og formålet vil vi kunne få totalt forskjellige definisjonar. Sametinget har illustrert med kart 6 måtar samiske område er definert på i norsk forvaltning.

Omfanget av samiske område er ikkje berre forskjellig mellom dei forskjellige formåla, dei varierer også innafor kvart av desse. F.eks. blei Forvaltningsområdet for samisk språk oppretta for 6 kommunar i 1990, mens det no er utvida til 13. Dermed er 7 kommunar blitt samiske. Var dei det ikkje før? På tilsvarande vis har området for næringsstøtte endra seg, og samarbeidsavtalane mellom Sametinget og fylkeskommunane har kome etter tur og på grunn av fylkessamanslåingar ser det forskjellig ut i dag. Sjølv om her er heile 6 variantar av samiske område, er det fleire som manglar. Nokre har forsøkt å avgrense det til området der eit fleirtal er samisktalande (2 kommunar) eller til området der fleirtalet reknar seg som samar (truleg 5-6 kommunar).
Mange vil i det heile ikkje godta omgrepet. Noreg er norsk, Finland er finsk, Russland er russisk og Sverige er svensk. Og ferdig med det. Til sist vil eg trekke fram ein siste, men politisk svært viktig definisjon: Samiske område er der kor samane har rett til å hindre naturinngrep frå storsamfunnet. Den definisjonen gir same resultat: 0 – null. Om vi legg til grunn eit minimum av sjølvstyre – retten til å stoppe inngrep – kjem vi altså til at det ikkje eksisterer. Heile Sápmi er kolonisert og lovar og proklamasjonar om samisk medverknad og omsyn til samisk kultur og næring er spel for galleriet.
Med omsyn til naturinngrep og nedbygging finn eg det naturleg å definere «samiske område» alias Sápmi som der naturinngrep vil kunne påverke og vanskeliggjøre samisk næring og kulturutøving. Det er områda som tradisjonelt har hatt større eller mindre samisk befolkning, som har utnytta naturen i området til reindrift, fedrift, jakt, fiske og utmarkshausting og der det framleis bur folk av samisk opphav som held oppe nokre av desse tradisjonane og delar av den samiske kulturen som er knytt til denne naturbruken. For Noreg fell det i hovudsak saman med kartet til høgre i øvste rekke over, dvs. det aller meste av Nord-Noreg og Trøndelag, med mindre delar av Innlandet og Møre og Romsdal. Utover dette kan det finst samiske kulturminne også lenger sør, men i denne samanhengen skal eg konsentrere meg om der naturinngrepa kan truge ein levande samisk kultur. I den grad samar i seinare år har slått seg ned utanom dette område, f.eks. i byar sørpå, har det ingen ting med denne saka å gjere, dei har der
ingen tilknyting mellom lokal natur og samisk kultur.
3 slags innblanding utafrå
Innafor det nemnde området har både samar og andre folkeslag utnytta naturressursane så langt tilbake vi kjenner historia. Dels har det vore ein komplementær bruk, der ein utnytta forskjellige ressursar, dels har det vore samarbeid om og konkurranse om dei same ressursane. Tidleg blei forholdet prega av at dei norske, svenske osv. hadde størst makt og ikkje minst statsmakta på si side. Det er vi heilt frå vikingtida sine finneferder, som var ein kombinasjon av handel, skattlegging og reint røveri.
Storsamfunnet greip meir og meir inn i samisk naturbruk, vi kan dele det i tre trinn:
- Storsamfunnet skattla samane og tvang dei å betale delar av fangsten og inntekta av reindrift og jordbruk. Enno var det samane som dreiv næringane.
- Nordmenn (og svenskar osv.) byrjar å utnytte naturressursane i konkurranse med samane, og får staten til å gi alle like rettar, dvs. retten til å bruke samisk område til jakt, fiske osv. Bruksområdet er framleis i hovudsak det same, utan store fysiske inngrep, men bestanden av viktige artar går ned og det blir vanskelegare for samar å leve av hausting av naturen. For fjordfisket blir denne epoken prega av at dei norske brukte andre fiskemåtar og båttyper og at dei kunne tømme ein fjord og rømme vidare, mens den samiske lokalbefolkninga blei sitjande igjen med ein fisketom fjord.
- Storsamfunnet gjer eller tillet fysiske inngrep som fører til reduksjon i naturområdet, bestanden av dyr og planter og som vanskeleggjer næringar som reindrift og kystfiske.
Allsidig og einsidig bruk
Dei samiske busettingsområda er generelt prega av relativt skrinn vegetasjon og korte vekstsesongar, og at mykje av dyra ein skulle jakte og fiske på berre var tilgjengeleg i visse sesongar. Den tradisjonelle livberginga blei derfor å utnytte dei knappe ressursane på allsidig vis. Går vi rundt eit halvt tusenår tilbake, var det i mange område vanleg med 2-4 sesongbuplassar, og i tillegg kunne nokre av desse også bli flytta, f.eks. når bjørkeskogen var hogd ned og trengte nokre år på å vekse til igjen. Så lenge samane fikk vere i fred i fjordane, blei dette respektert, men da norske innflyttarar byrja å slå seg ned i samiske
område, kunne dei forsyne seg med gamle buplassar som for tida ikkje var i bruk og neste gongen det var behov for desse, var dei opptatt. Ein tilsvarande form for vekselbruk kjenner vi igjen i reindrifta opp til
i dag, der sesongbeite særleg i sørsamiske område får kvile nokre år og ta seg opp igjen. Imens kjem nokon og vil bygge vindkraft eller turistanlegg der, for området er jo ledig. Vi har ikkje sett ein rein her
på fem år seier dei, og dermed treng dei heller ikkje betale noko erstatning. Og når dette området etter syklusen skulle takast i bruk igjen, så er det borte vekk.
Dei norske styresmaktene sin jordbrukspolitikk og fiskeripolitikk i Sápmi har vore prega av å avvise den allsidige kombinasjonsdrifta og styrke spesialisering. Det var ein politikk som favoriserte dei norske
innvandrarane sørfrå, og som stempla den samiske kunnskapen om allsidig sjølvberging som noko gamaldags og ubrukeleg. Kva har så dette med naturinngrep å gjere? Frå 1700-talet blei det bevisst arbeida for nydyrking av jord i nord, og støtta blei vesentleg gitt til innflyttarar sørfrå. Nydyrkinga skjedde ikkje i ingenmannsland, men i område brukt til reindrift og til jakt og fiske. Det var eit statsautorisert og langt på veg statsstyrt ran av land.
Eit India i nord
På 1600-talet uttalte ein svensk statsmann at Sverige hadde eit India i nord. Med andre ord eit område der ressursane kunne utnyttast til fordel for overklassen i kolonimakta. Liknande tankar finn vi i Noreg
om dei nordlege delane av landet. Som Finansdepartementet skreiv i 1848: «Finmarken har derfor fra de ældste tider været betraktet som en Colonie.» I ein koloni kan kolonimakta utnytte mineral, skog, ville dyr, fiskeressursar, jordbruksland og arbeidskraft. Del av ei kvar kolonisering er å påtvinge den koloniserte befolkninga kolonimakta sitt språk, kultur og religion. Alle desse kjenneteikna på kolonisering kjenner vi igjen frå samane sitt møte med statsdanningane (Danmark-) Noreg, Sverige, Finland og Russland.
Rikdommen i berget
På 1630-talet starta svenske styresmakter utvinning av sølv på Nasafjell, like ved grensa mot Noreg på Saltfellet. For å få malmen fram i dei veglause områda måtte ein bruke kjørerein og samar blei sett til tvangsarbeid. Historiene om dette har overlevd til vår tid. På same tida skal det ha vore starta koppargruve i noverande Narvik kommune, der segna seier at samane jaga den vonde utanlandske gruveeigaren bort. Ikkje lenge etter starta gruvedrifta på Røros, midt i sørsamane sitt beiteland. Samane fikk inga erstatning, snarare tvert om; dei måtte betale erstatning for at reinen deira beita på dei nyetablerte jorda og på gruveselskapet sin grunn.
Over heile Sápmi er det historier om samar som fann malm, men som berre fekk småpengar om dei fekk noko, og så kom gruveselskapa og tok over alt. Sulitjelma, Biertavárri, Váddas, Bleikvassli, Skaland, Biedjovággi, Stjernøya, Austertana, Sydvaranger, Jåma. Dette er berre nokre av dei mest kjente. Alle er dei gruver etablert på reinbeiteområde, dei aller fleste i konflikt med reindriftsnæringa. Over Kjølen var det ikkje betre: Kiruna, Malmberget, Gällivare, Stekenjokk, osv. osv. Minst halvparten av svensk gruvenæring er etablert på reinbeiteland.
«Fornybar» kraft = Varige naturskadar
Alle har hørt om Alta-kampen, da statsmakta skar med kniven inn i hjarta av Sápmi og ville demme opp store delar av vidda. Ein av grunnane til at protesten blei så stor var at ein allereie hadde rike røynsler frå kraftutbygging i Sápmi. Ein visste kva det kunne komme til å bety – for naturen, for reindrifta, for fiske i vatn og elver – og for levebrød og kultur. Ein hadde sett utbyggingane i Skibotn, Kvænangen, Kåfjord, Porsanger, Laksefjord, Altevatn, Røssvatn og ei rekke andre. Ein hadde ikkje minst sett dei katastofale verknadane av dei store kraftutbyggingane i Sverige. Planane var klare for ei rekke vasskraftutbyggingar
vidare. Kvalsundvassdraget og Skaidivassdraget blei indirekte redda av motstanden mot Guovdageaidnu-Alta-utbygginga.
Etter nokre års pause byrja det igjen tidleg på 2000-talet. No var det først og fremst vindkraft det gjaldt. I sørsamisk reinbeiteområde var det allereie på slutten av 1990-talet reist dei første vindturbinane. Deretter kom turen til Finnmark og Troms. I 2014 blei det gjennomført ei undersøking i alle reinbeitedistrikt med vindkraftanlegg, og alle rapporterte større og mindre problem for drifta.2 Det hjalp lite, for utbygginga heldt fram for fullt.
Blant dei aller verste sakene er Fosen, som er ramma av ei rekke vindkraftanlegg. Reineigarane på Sør-Fosen sette seg frå starten hardt mot utbygging, særleg av Storheia, som er eit sentralt vinterbeite. Dei gjekk til sak og anka heilt opp til Høgsterett. Men utbygginga blei likevel gjennomført og før Høgsterettsdomen kom var Storheia rasert og kraftverket i drift. Den fullstendig umenneskelege haldninga hos den no avgåande regjeringa illustrerast ved at det ikkje var nok for dei å øydelegge beitet, regjeringsadvokaten gjekk i lag med utbyggar for å få redusert erstatninga som lagmannsretten fastsette.
I oktober 2021 kom så meldinga som eit sjokk for begge sider: Høgsterett slo samrøystes fast at denne utbygginga var ulovleg da ho krenka samane sin rett til kulturutøving etter FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Det einaste rimelege når noko er bygd ulovlig er jo at det blir reve ned igjen, og det er da også kravet frå reinbeitesiidaen og advokaten deira, men det er ikkje sagt i klartekst i domen. Det gjenstår da å sjå kva den nye regjeringa vil gjere for å lure seg unna dette kravet. Uansett vil domen har stor verknad langt ut over denne saka, til andre vindkraftsaker og andre inngrep i samiske reinbeiteområde.
Turisme – for kven?
Turismen gjer inntekt til mange rundt i samiske område, ikkje minst med at turistane ønsker å sjå samisk kultur, i meir eller mindre ekte form. Men turismen kan og vere eit trugsmål mot den same kulturen. Dei store pengane i turistnæringa ligg nemleg i dei store anlegga, som tar imot tusener av turistar, gjer heile fjell om til alpinanlegg eller reinbeite til hyttebyar. Dei store turistanlegga er oftast heller ikkje eigd av lokalbefolkninga, men av investorar i inn- og utland. Turismen kan og utgjere eit direkte trugsmål mot ressursane, som rypejakta på Finnmarksvidda og turistfisket på kysten.
Hav er også natur
Sjølv om mange enno ikkje vil innsjå det, er hav også natur. Det gjeld ikkje minst for havbotnen i fjordane, som har blitt utsett for trål og andre fiskereiskapar som har rive opp botnen og øydelagt dyre- og plantelivet der. Mange har snakka om overfiske, men få har sett det som naturinngrep. «Man kan ikke se den natur under vann», for å vri på eit kjent uttrykk.
Andre naturinngrep har vore langt meir synlege. Kor ein drar etter fjordane frå Sør-Vestlandet og til grensa mot Russland kan ein no sjå oppdrettsmærene. Det ein ikkje ser er den daude botnen fylt opp med skit og giftstoff frå oppdrettsanlegga. Heller ikkje ser ein dei lokale kystfiskarane som er fordrive frå fiskeområda sine, eller har gitt opp fordi det ikkje er levelege vilkår for villfisk i fjordane. Kystfiske er ein eldgamal del av samisk kultur som er i ferd med å bli borte, dels pga. rovfiske og kvoteran, dels pga. oppdrettsanlegg.
Blant dei mest omstridde inngrepa i havnaturen for tida er dumping av gruveavfall, som allereie har vore praktisert i stor grad, men der det er planar for store utvidingar. Blir dette gjennomført i Repparfjorden, ligg det ope for dumping overalt der det er malm å utvinne.
Det største og mest synlege inngrepet under planlegging er likevel havvindkraft. Det første framstøtet utafor Sørøya i Finnmark er førebels slått tilbake, og satsinga går i første omgang lenger sør i landet. Likevel må ein rekne med nye offensivar, og når til og med dei fleste miljøpartia ivrar for dette, skal det bli vanskeleg å stoppe.
Raud, blå og grøn
Den tradisjonelle koloniseringa, både i Afrika og Sápmi, er den eg kallar den blå, styrt av overklassen i kolonilanda, politisk trygt forvart på høgresida. Hensikten har vore økonomisk utbytting og territoriell styrking av staten si makt.
I tillegg har vi sett det eg vil kalle raud kolonisering, når mykje av den same politikken blir ført vidare av politikarar med raude fanar, og gjerne med andre argument. I den 2. internasjonalen var det tidleg på 1900-talet mange som gjekk inn for ein «sosialistisk kolonipolitikk». Dei godtok at dei vestlege kolonimaktene måtte styre og «utvikle» land i andre verdsdelar, men det skulle skje på ein sivilisert og human måte. Overfor heimlege urfolk og andre minoritetar blei ein sosialdemokratisk likskapsideologi brukt til å fremme same rettar for alle – på storsamfunnet sine premiss. Alle skulle ha same rett til å bli norske, alle skulle ha same rett til å fiske i elver, vatn og fjordar der samane hadde henta si livberging. Arbeiderpartiet blei ei tid det fremste fornorskingspartiet overfor samar og kvenar. I dag ser vi dette igjen i ideologien til den antisamiske organisasjonen Etnisk og Demokratisk Likeverd, der ein stor del av leiinga har røter på venstresida og brukar raudfarga argument. Når det er planar om gruver, kraftverk og andre naturinngrep i samiske område, kan ein vere ganske sikker på at desse har full støtte frå Arbeiderpartiet og LO. Der dei blå ser profitt, ser dei raude arbeidsplassar, men resultatet for samiske næringar som må vike er det same.
Dei aller siste åra har uttrykket «grøn kolonialisme» kome opp, bl.a. lansert av sametingspresident Aili Keskitalo. Når naturinngrep i Sápmi og elles i verda møter stor motstand, treng dei ei ny og betre grunngiving. Derfor har no heile kolonialismen og kapitalismen i løpet av få år blitt grøn. Her har dei fått god støtte av delar av miljørørsla. Eit viktig gjennombrot for denne linja skjedde i 2016, da ein representant for miljøorganisasjonen Zero heldt eit foredrag om «Mineralenes betydning i det grønne skiftet». Plutseleg var alle gruvedirektørane og investorane blitt grøne dei og. Nussir-gruva som var planlagt i fleire tiår utan eit grønt ord, blei plutseleg del av det grøne skiftet, og heile argumentasjonen for gruve skifta til at ho var nødvendig for klimaet. Vindkraft var tidlegare lansert som eit grønt alternativ for straumforsyning. No skulle alle investorar og spekulantar plutseleg bli grøne, vi fekk grøne aksjefond og grøne kapitalistar for grøn vekst. Dette gjaldt overalt i Noreg, men i Sápmi fungerer det også som ei grønt påskot til auka naturinngrep og auka kolonialisering. Når reinbeite no må vike for vindkraft og gruver er det plutseleg blitt grøn politikk.
Same om kolonialismen er blå eller raud eller grøn på farge, for naturen og for samane er resultatet like ille.
Kjelder:
- https://distriktssenteret.no/wp-content/uploads/
2015/12/Sametinget-utredning-om-kommunereformen-
no.pdf - https://motvind.org/motvindrapportene/motvindrapport-
nr-3/





Legg igjen en kommentar