av Ivar Espås Vangen

«Noreg er ‘auga og øyra’ til nordflanken i NATO»

Slik formulerte Donald Trump seg i eit brev han skreiv til Erna Solberg i 2018, etter at ho hadde vore på besøk i Det kvite hus i januar 2018. Ifølge journalisten og forfattaren Bård Wormdal, som i ei årrekke har jobba i NRK Finnmark og gjeve ut fleire bøker om etterretningssamarbeidet mellom Noreg og USA, er dette eit klart prov på kor viktig Noreg er for amerikanarane.

Wormdals bok Spionkrigen, som nyleg vart gjeve ut, handlar om nettopp dette. Med dette verket har Wormdal truleg skrive den mest omfattande og grundige boka om det amerikansk-norske etterretningssamarbeidet. Kjeldegrunnlaget spenner frå eit breitt tilfang artiklar frå norske aviser, men også lekkasjane frå Edward Snowden, ei rekke norske og internasjonale publikasjonar om tematikken samt ei lang rad eigne intervju med nordmenn som har jobba eller hatt leiarroller i etterretninga. Dette er ganske enkelt eit forbløffande stykke arbeid.

Wormdal skriv sjølv at boka er sett saman som eit «puslespel», der dei mange brikkene til slutt vil gje lesaren eit breitt bilete av korleis samarbeidet mellom Noreg og USA ser ut. Puslespel-metaforen er heilt klart treffande for å skildre boka. I første kapittel blir vi kjende med trønderen Bård Worum, som etter å ha vorte utdanna radiotelegrafist på sjømannsskolen i 1966 jobba med avlytting av russisk kommunikasjon frå Vadsø heilt til han gjekk av med pensjon i 2008. Det var berre eit problem: pensjonen var alt for liten! Da han ringte til NAV, fekk han høyre at han ikkje hadde fått betaling frå åra han hadde jobba i Forsvaret. Meldinga han fekk da han kontakta NAV må ha kjentest absurd: det hadde aldri jobba nokon Bård Worum i Forsvaret! I lys av dei andre fortellingane i boka er svaret i grunn openbert: det var sjølvsagt USA som hadde betalt løna hans, men amerikanarane hadde ikkje heilt forstått korleis pensjonssystemet fungerte her i landet!

Spionkrigen inneheld fleire djuptgåande skildringar av sider ved norsk etterretning som var temmeleg nye for ein søring som meg sjølv. For eksempel er det nærmast ufatteleg å ta inn over seg kor mykje pengar som har gått med til Globus II-radaren i Vardø. Det dreier seg openbert om mange milliardar. Meir urovekkande er det kor lite politikarane eigentleg veit om dette. Utgreiingane frå Forsvarsdepartementet til Stortinget da Globus II-radaren skulle bli oppgradert, er formulert slik:

«Radarsystemet Globus i Vardø er et samarbeidsprosjekt mellom USA og Norge. Det er besluttet at det skal gjennomføres et prosjekt for å forlenge radarsystemets levetid. Arbeidene vil gjennomføres frem til og med 2020».

At radaren framleis er ått av amerikanarane, og at han med sin framifrå kapasitet når det kjem til å overvake både satellittar og andre himmellekamar, vil utgjere eit viktig ledd i dei amerikanske planane om å militarisere verdsrommet, får vi ikkje vite stort om i Forsvarsdepartementet si utgreiing til Stortinget.

Slik er det også med mykje anna knytt til det norsk-amerikanske etterretningssamarbeidet. Visste du for eksempel at det i Karasjok i 1966 vart etablert ein lyttestasjon med 30 tilsette som skulle overvake endringar i lufttrykk som følgje av sovjetiske atomsprengingar? Eller at det frå det vesle fiskeværet Gamvik i 1972 vart lagt ein 120 mil lang lyttekabel utover i havet, for å overvake sovjetiske ubåtar på veg ut i storhavet? Dette er berre ein av fleire slike kablar som strekkjer seg ut frå forskjellige plassar i Finnmark, og som framleis skaper trøbbel for fiskarar som set fast garnet sitt i dei – sjølvsagt utan at det er mogleg å få noko vettug forklaring frå Fiskeridepartementet, for ikkje å tale om erstatning for tapt utstyr.

Kapitla om korleis E-tenestene, som med sine innstendige møte med nordmenn som dreiv næringsverksemd i Russland enda med at den russiske tryggingstenesta skulda nordmennene for å vera spionar, er også interessante. Det same er kapitla om korleis både norske og finske spionar, med base i Finnmark, reiste inn på sovjetisk territorium på 50-tallet for å drive seriøs spionverksemd. Omtalen av korleis anlegget på Heggemoen utanfor Hønefoss har tappa enorme datamengder frå 130 sivile kommunikasjonssatellittar, med stortingsfleirtalets velsigning, er både skremmande og trist lesing. Det måtte eit vedtak frå EU-domstolen til for å stanse den norske overvakingsmanien slik han vart vedteke i 2020 – enn så lenge.

Så langt har denne meldinga av boka vore nærast nasegrus beundring. Det er likevel moment ein kan kritisere når det kjem til detaljnivået. For meg, som ikkje har nokon fagbakgrunn når det kjem til desse greiene, blir delar av boka veldig krevjande. Mengda namn på ulike institusjonar, program, teknologiar og organisasjonar blir tidvis overveldande. Sjølv om puslespel-metoden har sine fordelar, gjer fråværet av ein gjennomgåande kronologi at det kan vera vanskeleg å sjå dei mange delane i samanheng, og ikkje minst at det er vanskeleg å finne fram i boka i ettertid – for eksempel om ein skal skrive bokmelding.

Alt i alt vil eg uansett råde folk som er interessert i forsvarspolitikk og Noregs rolle i verda til å lese boka. Det er nærast umogleg å ikkje lære noko nytt i kvart einaste kapittel. Innhaldet i boka gjer det dessutan klart for meg at det er viktig at ho blir lese og at problemstillingane ho tar opp blir diskutert. Det er i alle fall ingen grunn til å tru at dei få einsame vaktbikkjene som trass alt sitt på Stortinget vil vinne fram med krav om openheit og demokratisk kontroll utan at dei har folkeleg organisering og utolmod i ryggen.

Legg igjen en kommentar

Trending