Tankar om økososialisme

av Ståle Holgersen

Det øko-marxistiske ordskiftet blir for tida polarisert mellom ein øko-modernistisk posisjon og ein posisjon kjenneteikna av nedvekst1. Kohei Saitos utgjeving Marx in the Anthropocene, og det følgande kaoset på Twitter, har berre kasta bensin på dette bålet2. Bak røyken finn vi likevel forsking og argument som skaper åtgaum, og det hos båe hald i ordskiftet. Øko-marxismen er blant dei mest nyskapande retningane innan marxismen i dag. Det er mykje å feire ved dette. Likevel er den veksande polariseringa mellom sosialistiske øko-modernistar og nedvekst-tilhengarar urovekkande på fleire måtar. Dei teoretiske diskusjonane blir ofte bombarderte med udefinerte omgrep, fiendtlege lesingar og stråmannsargumentasjon. 

Å polarisere vekk kompleksiteten

Sosialistisk øko-modernisme (herifrå berre ‘øko-modernisme’) og nedvekst-posisjonen er fleirfasetterte og heterodokse tradisjonar som det er vanskeleg å skildre med setningslange definisjonar. Likevel dannar dei klåre polar i eit ordskifte som vekkjer stadig meir merksemd. Den første leiren argumenterer for at den moderne industrialiseringa først og fremst er progressiv, og han brukar å vera positiv til ‘vekst’. Her kallar vi dette for øko-modernisme, men dette blir stundom også kalla for venstre-produktivisme, eller prometeusisme, og somtid overlappar dette med akselerasjonisme3. Nedvekst-rørsla er i sitt vesen ein kritikk av evig vekst og ’vestleg utvikling’. Såleis representerer tradisjonane to veldig ulike utgangspunkt for å tenkje, og for å utøve politikk. 

Ein kunne anta at diskusjonane mellom desse verdsbilda ville skape fruktbare resultat. Men i hovudsak har ikkje dette skjedd. Ordskiftet sin natur er éin grunn til dette. Kritikkane er ofte basert på stereotypiar og dei mest ekstreme argumenta til den andre posisjonen. Nedvekst-posisjon kritiserer ‘akselerasjonismen’ – etter mange si meining den mest radikale versjonen av øko-modernismen, som er knytt til Paul Mason, Aron Bastani og andre – for å meine at motsetningane i kapitalismen automatisk vil føre til kapitalismen sin slutt. Øko-modernistar, på den andre sida, skuldar nedvekst-tilhengarane for å romantisere før-kapitalistiske samfunn, og dette er ei skulding som desse alltid har avvist. Og så trer Saito inn i ordskiftet, som argumenterer for at Marx sjølv såg for seg kommunismen som ein slags retur til ikkje-kapitalistiske samfunn4.

ABONNER PÅ SOSIALIST FRAMTID PÅ TEKSTALLMENNINGEN

Øko-modernistar skuldar nedvekst-tilhengarane for å krevje meir fattigdom. Når Matt Huber argumenterer for at ein «politikk for mindre» overlappar «perfekt med eit breiare nyliberalt fokus på kuttpolitikk som krev at vi alle skal stramme inn livreima»5, må nedvekst-tilhengarane om att og om att forklare at nedvekst ikkje handlar om å ha mindre innan det gjeldande systemet, men om å skape eit fullstendig nytt system. Matthias Schmelzer, Andrea Vetter og Aaron Vansintjan, til dømes, tar til orde for at nedvekst ikkje er det motsette av økonomisk vekst6. Nedvekst har i hovudsak å gjera med ein reduksjon av den biofysiske produksjonskapasiteten samt å trappe ned unødvendige formar for produksjon og konsumpsjon i rike land – det handlar ikkje først og fremst om å redusere økonomisk vekst, særleg ikkje målt som BNP. Når Huber skildrar nedvekst-rørsla sin posisjon som ’revolusjonær kuttpolitikk’ er dette ein stråmann, som Natalie Suzelis peiker på7.

Kløfta mellom øko-modernistar og talspersonar for nedvekst-posisjonen blir vidare når diskusjonane dreier seg om diktotomiar. I Climate Change as Class War utviklar Matt Huber argumentet sitt ved å sette opp ei rad omgrepsmotsetningar, og han foreslår og forventar at vi vel blant desse. Vil vi ha ein politikk med ’mindre’ eller ’meir’? Skal vi fokusere på produksjon eller forbruk? Kven er det politiske subjektet som kan stoppe den globale oppvarminga: ’Arbeidarklassen’ eller ‘Den profesjonelle leiarklassen’? [Professional managerial class, forkorta PMC] Skal vi fokusere på ein ‘proletarisk økologi’ eller ein ’kunnskapspolitikk’8?

Viktige forviklingar forsvinn med slike sterke binaritetar. Når det gjeld spørsmålet om ein ’meir eller mindre’-politikk, treng vi så klart meir av nokre ting og mindre av andre ting. Å vera mot ein ‘kunnskapspolitikk’ dekkjer berre over interessante spørsmål som handlar om kva for kunnskapstypar som kan føre til sosial endring. Om eg vart tvinga til å velje, ville eg vore samd i at produksjon er ‘viktigare’ enn forbruk om dette betyr at det er meir meiningsfullt å fokusere på store investeringar heller enn individuelt forbruk. Dette betyr ikkje at forbruk ikkje er ekstremt viktig, både analytisk og politisk. Denne dikotomien dekkjer også over komplekse diskusjonar om individuelt, kollektivt og produktivt forbruk, forholdet mellom forbruk og klassemedvit, og meir. I tillegg er sjølvsagt ikkje forbruk og produksjon to autonome sfærer9.

Det blir forventa at vi skal velje mellom polane i sjølve grunndikotomien, som handlar om å vera for eller mot ‘vekst’. Men kva meiner vi med det? Meiner vi vekst i den biofysiske eller materielle produksjonskapasiteten? Vekst i energibruken? Vekst i menneskelege evner? Vekst i kjøpekraftspariteten? Vekst i kapitalakkumulasjonen? Vekst i menneskeleg utvikling forstått som Human Development Index? Vekst som ein rein metafysisk ide? Eller vekst som auka BNP? Øko-modernisten Leigh Phillips hevdar at «vekstens endelikt» er synonymt med «at teknologisk utvikling tar slutt, at vitskapen tar slutt, at framsteget tar slutt, at den opne og uvisse kampen for fridom tar slutt – at historia tar slutt», og med eit slikt utgangspunkt er det ikke overraskande at Phillips ser på vekstkritikarane som dumme, for ikkje å seie som fullt ut reaksjonære10. I sterk kontrast til dette er det berre dei dumme eller onde, ifølge nedvekst-tilhengarane, som ikkje uroar seg for at ein nyfødd unge i dag vil bli gamal i ein økonomi som er 19 gonger større enn den vi hadde rundt tusenårsskiftet (om vi legg 3% økonomisk vekst til grunn). 

Sjølv om vi avgrensar ordskiftet til å handle om økonomisk vekst, er det mange sider ved saka som vi må tenkje over. Ei side er veksten si kjelde i seg sjølv. Kate Raworth argumenterer for at BNP-målet har blitt tatt i bruk for å rettferdiggjere ekstreme inntektsskilnadar og miljøherjingar som er makelause. Er veksten bestemt av korleis vi måler han, eller har han si årsak i kapitalakkumulasjonen, som Schmelzer, Vetter og Vansintjan tar til orde for? Det er verdt å legge merke til at sjølv når talspersonane for nedvekst diskuterer kor komplekst ’vekst’ er (sjå t.d. Kate Raworth), også når dei underliggande prosessane blir openberra, held likevel analysen fram med å ha ‘vekst’ som hovudomgrep (sjå t.d. Schmelzer, Vetter og Vansintjan).11

Vidare har vi det omdiskuterte forholdet mellom økologisk forfall og økonomisk vekst. Er det i det heile mogleg å kople økonomisk vekst frå auka miljøpress på ein relativ, absolutt eller vilkårslaus måte? I tillegg har vi usemjene om samanhengane mellom kapitalisme og vekst, der den økonomiske skolen Steady State [stabil økonomi] førestiller seg ein kapitalismevariant der folketalet, rikdommen og bruken av naturressursar ikkje aukar, medan økonomien framleis gjer framsteg teknologisk og etisk. Dette står i sterk kontrast til den meir radikale nedvekst-rørsla12. Sidan dei gjer bildet meir samansett, representerer posisjonen til ’vekstagnostikarane’ meir tvisyn og nyanse enn posisjonen til dei som a priori stør eller motsett seg vekst. Men til sjuande og sist er ikkje problemet det at det er vanskeleg å ta stilling i ordskiftet. Problemet er at spørsmålet om ’vekst’ er feil spørsmål13.

I staden for å reise motsetninga som handlar om å vera ‘for’ eller ‘mot’ vekst, treng vi kritiske diskusjonar om sektorane, stadane og industriane som burde ha meir økonomisk aktivitet, og dei som burde stengast heilt ned. Å skape nye ’grøne jobbar’ og berekraftig infrastruktur vil visseleg føre til auka økonomisk vekst, målt som auka BNP over kort tid, og dette kan sjølvsagt ikke vera eit argument mot slik politikk. Dette er samansette spørsmål, men ei øko-sosialistisk rørsle som freistar å mobilisere bortom nisjemiljø og intellektuelle krinsar, må komme med konkrete svar på desse spørsmåla. 

Kva er framsteg i det 21. hundreåret? (via 1800-talet) 

Spørsmålet om kapitalismen har ein progressiv karakter eller ikkje, er nært knytt til vekst-nedvekst-dikotomien. Nedvekst-tilhengarar hevdar at det er absurd å meine at kapitalismen har ein progressiv karakter når auka økonomisk aktivitet øydelegg verda, og den globale oppvarminga held fram. Øko-modernistar argumenterer derimot for at nedvekst-tilhengarar ønsker seg tilbake til steinalderen. 

LES OGSÅ: Sosialistisk simulering

Igjen blir vi oppmoda til å velje side i ordskiftet. Men vi må vera aktsame med frimodige fråsegner som hevdar at ‘moderne industrialisering’, ’ny teknologi’ og attpåtil ’kapitalismen’ er eller ikkje er progressiv eller reaksjonær. Dette er igjen omgrep som blir forstått ganske så ulikt. I møte med den globale oppvarminga sett eg pris på Walter Benjamins likning om revolusjonar. Han snudde opp-ned på Marx’ ide om at revolusjonar var historias lokomotiv. Revolusjonar er heller, ifølge Benjamin, passasjerane sine forsøk på å trekkje i nødbremsen! 

La oss likevel vera ærlege. Kan hende representerer sosialismen eit brot med kapitalismen, men alle revolusjonar ber òg med seg ulike former for framhald, og dei har gjerne store variasjonar som har med tid og stad å gjera, anten vi liker det eller ikkje. Det vi bryt med, vil også verke inn på framtida. Øko-sosialismen vil kan hende vera eit brot med kapitalismen, men han vil framleis vera eit brot med kapitalismen

Eit slåande trekk ved dette ordskiftet er at båe sider tar Karl Marx til inntekt for syna sine. Øko-modernistar siterer stadig Marx om systemet sin progressive karakter og nødvendigheita av arbeidarklassens aktive kamp. Til dømes hevdar Huber at han vender tilbake til marxismen sin ’kjerne’ ved å fokusere på dynamikken i den kapitalistiske produksjonen14. På den andre sida legg nedvekst-tilhengarar vekt på systemet sin destruktive natur og trongen for revolusjon. Med nye marxologiske belegg har Kohei Saito tatt ordskiftet vidare, han hevdar at den ’modne’ Marx støtta nedvekst-kommunisme15.

Det er mange grunnar til at vi bør halde fram med å lesa Marx. Han er det beste utgangspunktet for å forstå røtene til klimaendringane. Vi kan ikkje forstå den globale oppvarminga utan å forstå dynamikken i profittmotivet, kapitalakkumulasjonen, metaboliske rifter, klassekampen og klassefraksjonar. Marx er også – særleg på ein god dag – det beste utgangspunktet for å endre verda. Som marxistar må vi likevel minne kvarandre på at noko nødvendigvis ikkje er sant berre avdi Marx sa det. Vi må vera aktsame med retoriske øvingar som handlar om å først hevde at Marx ‘eigentleg’ meinte dette, for så å ta for gitt at vi også bør meine dette

Til dømes blir vi kanskje nødt til å oppgi ideen om at kapitalismen har ein ibuande progressiv karakter. Men vi kan ikkje nå ein slik konklusjon berre ved å tolke dei siste tekstane til Marx. Konklusjonen må i staden komme frå vårt notidige utkikkspunkt, og da ser vi korleis kapitalismen har blømt gjennom kolonialisme og imperialisme, fascisme og krig, samtidig som han også skaper hungersnød og klimaendringar. At nedvekst-parolen ikkje er ein slagkraftig parole for sosialistar, kjem ikkje som ein konklusjon av å lesa den unge Marx, konklusjonen kjem heller frå dei mislukka røynslene med øko-sosialistisk organisering. Som marxistar må vi ha tiltru nok til vår eigen analyse til at vi unngår å proklamere sanninga utelukkande ved å vise til dei heilage skriftene.

Korfor finst denne trongen til å legitimere ulike posisjonar med å vise til Marx-sitat? Om målet er å forstå meir for å forbetre strategiane våre, så er dette berre bra. Men eg føler for å spørje: Er dei sosialistiske rørslene så langt unna reell makt at det blir tiltalande for sosialistiske intellektuelle å vende tilbake ’til kjeldene’ for å finne rettleiing, energi og komfort? Med andre ord: Deltar vi i ordskifta om radikal teori når det blir vanskeleg å vera politisk radikal? 

Klassespørsmålet 

Kan hende er det største problemet med det polariserte ordskiftet mellom nedvekst-tilhengarar og øko-modernistar at det hindrar fruktbare samtalar om klassekamp. Ifølge Matt Huber er klassar kjenneteikna av at dei står i antagonistiske forhold til kvarandre, og han argumenterer for at arbeidarklassen er ein eigen klasse skilt frå den profesjonelle leiarklassen (PMC), som inkluderer heile miljørørsla16. Dette er ein dristig påstand. Forholdet mellom mange organiserte arbeidarar og mange i miljørørsla kan sanneleg vere spent, men om dette forholdet er eit antagonistisk forhold, betyr det klassekamp mellom dei. Er det verkeleg ein klassekamp mellom arbeidarklassen og den ’klassen’ som leier an miljørørsla? 

Hubers overtyding om at det er ein antagonisme mellom ein progressiv arbeidarklasse og ein reaksjonær ’profesjonell klasse’ er til ein viss grad spegla av nedvekst-kritikkar av økologisk imperialisme. Til dømes har nedvekst-tilhengaren Tadzio Müller argumentert for at industriarbeidarane i det globale Nord ikkje berre vil bli fiendane våre, «dei vil bli dei mest røynlege fiendane våre»17. Her både endar og startar samtalen med å peike på at arbeidarar i det globale Nord har ein ’imperialistisk’ levemåte. 

Atter ein gong er dette polarisering som tåkelegg komplekse samanhengar, og som gjer den øko-sosialistiske vegen vidare vanskelegare. For å forstå både dei eksisterande og dei potensielle relasjonane mellom arbeidarar og klimaendring, må vi også forstå arbeidarklassen som noko ueinsarta. Vi må forstå forskjellane mellom fagforeiningar, vilkåra for klassekamp utom arbeidsplassane, geografiske forhold, alder, kjønn og mykje meir. Det er intellektuelt uærleg å ignorere spenningane mellom arbeidarar, klima, rasisme og imperialisme. Men det er òg politisk vonlaust å meine at desse spenningane er så sterke at ‘arbeidarar’ – uansett korleis dei blir definerte – ikkje kan vera subjekta som stoppar den globale oppvarminga. 

Dette er framleis eit absolutt vilkår for øko-sosialistar: Å radikalisere, styrke og sameine både organiserte arbeidarar (som ofte blir gjort framande for nedvekst-rørsla) og miljørørsla (som ofte blir gjort framande for øko-modernistar). Dette vilkåret bør ikkje formulerast som eit behov for å forsone miljørørsla og arbeidarklassen. Miljørørsla består allereie til stor grad av folk som er eigedomslause, det vil seie den breie arbeidarklassen, og ho har fossilindustrien som sin uttalte hovudfiende (det vil seie ein fraksjon av kapitalistklassen). 

Dette er allereie ein klassekamp. Det er utvilsamt eit problem at klassemedvitet er lågt, somtid ekstremt lågt, i delar av rørsla. Problemet blir forverra av at øko-modernistar og nedvekst-tilhengarar reproduserer polariseringa i ord og tale. I staden for å ha forholdet til produksjonsmidla som eit klassisk marxistisk utgangspunkt for ordskiftet, fokuserer ordskiftet ofte på estetikk, smak, kultur og utdanning, og ofte blir ’arbeidarar’ sett på som kvite menn som arbeider i industrien, medvite eller ikkje18.

Den viktigaste sosialistiske oppgåva er ikkje å sameine ‘miljø’ og ’klasse’. Den viktigaste sosialistiske oppgåva er å sameine klassekampen i miljørørsla med klassekampen på arbeidsplassane. Det er vanskeleg å sameine den breie arbeidarklassen, men slik har det faktisk vore i to hundreår. Klassekampen mot økologisk krise kan ikkje basere seg på at sosialismen dreier seg om ei ovleg overflod av fysiske gjenstandar for alle arbeidarar. Men klassekampen kan heller ikkje ha nedvekst som utgangspunkt. Det er vanskeleg å unngå at folk flest assosiere nedvekst med det umiddelbare målet her og no om mindre økonomisk vekst, ofte BNP. Slagord er viktige, og det er vanskeleg å sameine den breie arbeidarklassen med dette slagordet.

Konkluderande kommentarar 

Schmelzer, Vetter og Vansintjan tar til orde for at det «første målet» til nedvekst-tilhengarane var å fungere som «ein provokasjon, ein samtalestartar, ein urostiftar.»19 Eg meiner at denne provokasjonen var nødvendig, og at han førte til viktige diskusjonar. I dag kan ingen seriøs sosialist argumentere for at økologiske tålegrenser ikkje er viktige. For sosialistar er hovudspørsmålet likevel ikkje om vi er for eller mot veksten. Dette bør ikkje vera ein dikotomi som deler oss frå starten av. 

Vi bør sjå andre stadar enn å begynne ordskiftet med ‘meir eller mindre’ vekst. Berre for nokre år sidan ville det ha vore meir opplagt å begynne ordskiftet med å skjelne mellom bruksverdi og bytteverdi. Som Michael Löwy peikte på i 2015, føresett diskusjonen om ’meir’ eller ‘mindre’ vekst ei kvantitativ tilnærming til problemet, medan øko-sosialismen er eit kvalitativt brot med kapitalismen20. Ein sosialistisk og demokratisk planlagt økonomi kan ikkje målast med ein kapitalistisk målestokk. 

Når vi kjempar for å erstatte fossilt brennstoff med fornybare energikjelder på ein sosialistisk måte, er vi ikkje først og fremst opptatt av at dette skal skape ‘vekst’. Vi treng økososialistiske overgangsplanar for å planlegge, bygge og organisere eit nytt hegemoni, og vi treng ei økososialistisk rørsle for å gjera planane røynlege, for å skape ei verd som prioriterer menneskeleg behov innan økologiske tålegrenser. Vi kan få til dette utan å køyre oss fast i ’vekst’. Vi kjem til å trenge storstilte statsinvesteringar i nye energiformer og reduksjon av den biofysiske produksjonen. Men vi må arbeide innanfor den øko-sosialistiske ramma, ikkje innanfor rammene av øko-modernisme eller nedvekst. 

Økososialistar bør vera samde om nokre prinsipp for at vi skal kunne bygge ei rørsle som kan vinne. For det første kan vi ikkje, i motsetning til øko-modernismen, ha evig auke i den økonomiske aktiviteten på ein avgrensa planet, og visseleg kan vi iallfall ikkje har hundrevis av år med auka biofysisk produksjon. For det andre kan vi heller ikkje, i motsetning til nedvekst-posisjonen, mobilisere den breie arbeidarklassen ved å ha ‘mindre vekst’ som fokuspunktet i prosjektet vårt. Med andre ord må øko-sosialismen motsette seg eit system som vanlegvis blir skildra som evig økonomisk vekst. Men vi kan heller ikkje begynne med å direkte konfrontere økonomisk vekst slik det vanlegvis blir forstått som vekst i BNP. 

Og herifrå følger det ei rad andre spørsmål som gjeld statlege investeringar, teknologi, bruk av grunnrenta, korleis forbruk og distribusjon skal organiserast, kva for typar produksjon som bør stengast ned og så bortetter. Desse spørsmåla må takast opp i konkrete diskusjonar medan vi følger med på både folkemeininga og på dei viktige nyansane i saksfelta. 

Sjølvsagt vil det vera ulike syn blant øko-sosialistar i desse spørsmåla, men ei brei øko-sosialistisk rørsle vil ha nytte av slik politisk usemje, i motsetning til usemjer som handlar om abstrakte, dels metafysiske, spørsmål om ‘vekst’ eller industrialiseringa sin ibuande progressive karakter. 

Holgersen er førsteamanuensis i humangeografi ved universitetet i Örebro. I 2024 gir han ut boka Against the Crisis, som kjem på Verso.  Teksten er omsett av Steinar Lorås Sæter.


  1. Ei stor takk til William Callison og Tatanja Söding, og til George Edwards, Andreas Mals og Jacob McLean. Eg vil òg takke Spectres Vanessa Wills og Dan Boscov-Ellen for tilbakemeldingar, støtte og kommentarar til tidlegare utkast. ↩︎
  2. Kohei Saito. Marx in the Anthropocene. Cambridge: Cambridge University Press, 2022. ↩︎
  3. Dette er ulendt terreng, for det finst ikkje standardiserte prinsipp for korleis konsepta blir bruka. Av og til blir konsepta bruka av kritikarar, somtid blir dei bruka av talsmenn, og stundom blir dei bruka både av talsmenn og kritikarar som ’provokasjonar’ (t.d. akselerasjon som luksuskommunisme). Her brukar eg ‘øko-modernisme’ som eit generelt omgrep, noko som også blir gjort av ein av dei mest uttalte talsmennene for denne retninga. Sjå Matt Huber, “Mish-Mash Ecologism,” New Left Review, 18. august, 2022. https://newleftreview.org/sidecar/posts/mish-mash-ecologism.
    ↩︎
  4. Saito 2022, s. 208. ↩︎
  5. Matt Huber. Climate Change as Class War: Building Socialism on a Warming Planet. London: Verso, 2022, s. 148. ↩︎
  6. Matthias Schmelzer, Andrea Vetter og Aaron Vansintjan. The Future is Degrowth: A Guide to a World Beyond Capitalism. New York: Verso, 2022, s. 198. ↩︎
  7. Rikard Warlenius har gjort dette meir innvikla med to poeng. For det første vier nedvekst-folka seg til å kritisere BNP-vekst på ein uforholdsmessige måte, trass i at dei hevdar at dei ikkje er mot BNP-vekst. For det andre: Om dei ser for seg at det er små sjansar for å kople den økonomiske veksten frå eit stadig aukande press på miljøet, medan dei samtidig argumenterer for at auka BNP-vekst nødvendigvis fører til auka biofysisk produksjonskapasitet, så må dette også gjelde den andre vegen: ein svekt biofysisk produksjonskapasitet vil føre til minska BNP-vekst. Sjå Natalie Suzelis, “Class Struggle Against Growth: A Review of Two Guides Against Extinction,” Spectre, 25. august, 2022. https://spectrejournal.com/class-struggle-against-growth/; Rikard Hjorth Warlenius. Klimatet, tillväxten och kapitalismen. Stockholm: Verbal, 2022, s. 199. ↩︎
  8. Huber 2022, sjå til dømes sidene 38, 64, 111 og 188. ↩︎
  9. Sjå Stephen Maher og Joshua K. McEvoy (2023) for ein relevant diskusjon om dette: “Between De-Growth and Eco-Modernism: Theorizing a Green Transition.” Critical Sociology, https://doi.org/10.1177/08969205231177370. ↩︎
  10. Phillips, Leigh. The degrowth delusion. Open Democracy. 2019. ↩︎
  11. Kate Raworth. Donutekonomin. Sju principer för en framtida ekonomi. Gothenburg: Daidalos, 2018, s. 35; Schmelzer et al. 2022, s. 18; Saito 2022, s. 235. ↩︎
  12.  Denne tradisjonen kan sporast tilbake til Adam Smith og John Stuart Mill. For eit ferskt forsvar av denne tradisjonen, sjå t.d. Ann Pettifor. The Case for The Green New Deal. London: Verso, 2020. ↩︎
  13. Sjå Warlenius 2022 for ein god diskusjon om vekst. ↩︎
  14.  Sjå Suzelis 2022 for ein kritikk. ↩︎
  15. Saito 2022. ↩︎
  16. Huber 2022, sidene 3, 20. ↩︎
  17. I “#123 Blow up pipelines? Tadzio Müller and Andreas Malm on what next for the climate movement,” 5. mai 2021, https://www.youtube.com/watch?v=mnlDeLXaifY. ↩︎
  18. Dette argumentet vil bli utbrodert i Ståle Holgersen, Against the Crisis. London: Verso, boka kjem i 2024. ↩︎
  19. Schmelzer et al. 2022, s. 16. ↩︎
  20. Sjå også Michael Löwy. Ecosocialism: A radical alternative to capitalist catastrophe. Chicago: Haymarket Books. 2015, s. 32. ↩︎

Legg igjen en kommentar

Trending